Hopp til innhold

Frittalande rullefrue med blogg

I to månader har Henriette Nyhammer Vik (22) sett fokus på kvardagen som ung rullestolbrukar. Det har opna augo til mang ein funksjonsfrisk lesar.

Henriette Nyhammer Vik

BLOGGAR: Frå rullestolen sin har Henriette Nyhammer Vik (22) gjeve mang ein lesar aha-opplevingar gjennom bloggen sin.

Foto: Gunnhild Sindre / Fjordingen

Det er Fjordingen som fortel om den unge og fritalande rullestolbrukaren frå Stryn.

Mellom 500 og 600 lesarar er kvar dag innom og les bloggen til Henriette Nyhammer Vik, Rullefrue.

– Det er absolutt over all forventing. Eg trudde hovudsakleg venner, kjenningar og familie ville vere interessert i å lese. Men etter kvart er eg blitt stogga av mange på gata som tykkjer bloggen er kjempebra, seier 22-åringen til NRK.no.

Fekk berre lyst

Heile bloggen såg dagens lys i februar då skrivelysta kom over ho på alvor. Dermed følgde ho oppmodinga frå mange, om å lage blogg om situasjonen hennar som rullestolbrukar.

For det kan vere både utfordringar og frustrasjonar som funksjonsfriske sjeldan tenkjer over. Noko ho ikkje tidlegare har vore så veldig interessert i å skrive om.

– Eg er ei veldig positiv og glad jente, som ikkje har følt behov for å klage og syte over verda. Eg ynskjer å vri ting til det positive, og håpar å kunne lære folk å kjenne personen bak rullestolen – ikkje berre jenta i rullestolen, seier ho.

– Vanleg ungdom

Nyhammer Vik vart fødd med ein feittsvulst, lipom, i nakken. Denne svulsten har sett nervane i klem og tre gonger har legar forsøkt å operere den vekk, skriv Fjordingen.

Åtte år gamal kom legane borti nervane og Nyhammer Vik vart lenka til rullestolen. I dag kan ho ikkje stå eller gå, men ho kan bevege på armane. 22-åringen kan ikkje gripe med hendene eller bevege fingrane.

– Elles er eg ein heilt vanleg ungdom. Det er berre det at eg ikkje kan bevege meg, seier ho til avisa.

– Ein annan blogg

Etter å ha gått media- og kommunikasjonslinje på vidaregåande skule har ho etablert fotostudio heime. Ho fotograferer, teiknar og skriv med munnen og lagar cupcakes ved hjelp av ei skei i munnen. Ved hjelp av hennar personlege assistent kan ho også sminke seg sjølv.

Alt dette og meir til er tema som 22-åringen skriv om på bloggen sin. Ein blogg ho ynskjer å gjere meir innhaldsrik enn mange andre bloggar.

– Mange har nærast fått sjokk over at eg kan gjere så mykje. Mange trur at eg ikkje kan røre hender eller føter, men eg kan både teikne og skrive med munnen, seier Nyhammer Vik til NRK.no.

Folk vil vite

– Tilbakemeldingane frå lesarane er at dei ynskjer at eg skal opne meg meir, slik at dei får vite korleis eg føler og tenkjer om kvardagen. Korleis eg psykisk føler blikka eg får og korleis eg oppfattar kva andre tykkjer om meg, seier 22-åringen og held fram:

– Dei ynskjer rett og slett å vite kva eg tenkjer om livet å sitje i rullestol.

Hjartesukk er det likevel vanskeleg å komme frå. Som til dømes det å måtte legge seg til same tid kvar kveld.

– Blikk er det verste

– Det verste er blikka du får, men du har også utfordringar i haldningane du møter frå andre. På den andre sida har du dei fysiske utfordringane med ikkje å kunne komme seg fram. Spesielt no på vinteren med snø og is, seier ho.

– Trur du mange maktpersonar, som til dømes politikarar, vil få ein aha-oppleving om dei tek seg ein tur innom bloggen din?

– Ja, det trur eg absolutt at dei kan. Eg er ikkje redd for å kritisere nokon, og seier skriv det eg meiner. Det er jo også det eg har fått tilbakemeldingar om frå folk på gata, at dei har fått ei aha-oppleving, avsluttar ho.