Hopp til innhold

Fritt fram for tjuvar i kyrkjene

- Kulturskattar i norske kyrkjer er ikkje godt nok sikra, seier seksjonssjef hos Riksantikvaren, Ulf Holmene, etter at 400 år gamle lysestakar vart stolne i Sogndal.

- Dei fire lysestakane som vart stolne frå Stedje kyrkje i Sogndal er unike, og tjuveriet er eit tap for heile nasjonen, seier seksjonssjef hos Riksantikvaren, Ulf Holmene.

Uerstattelege gjenstandar 

Faksimile frå Sogn Avis.

Dei nesten 400 år gamle lysestakane har stått på kyrkjealteret sidan 1619, men natt til fredag braut tjuvar seg inn og stal dei.

Han seier at slike verdiar er for dårleg sikra her i Noreg.

- Vi har vel til no rekna med at folk er tilbakehaldne med å stele frå kyrkjer, seier Holmene.

Holmene meiner noko må gjerast sidan dette er unike og uerstattelege gjenstandar som forsvinn.

Vanskeleg å omsetje

Men seksjonssjefen seier lysestakane er så unike at dei vanskeleg kan omsetjast. Han seier seriøse antikvitetshandlarar vil vite at desse er stolne. Stakane kan heller ikkje støypast om og selgast sidan dei er av messing. Dermed har  metallet i seg sjølv bortimot ingen verdi. Difor håpar Holmene på at tjuvane anonymt skal levere tilbake dei unike lysestakane.