I si tid vart det sagt at det luktar peng når ein møtte sildoljelukta frå fabrikkane på kysten. I dag er det få som brukar så positive begrep. Det luktar ille, og sjølv SFT har sett grenser for kor mykje lukt fabrikkane kan spy ut. Måløy sildolje skulle tilfredsstille krava innan 1. oktober i fjor.
Fabrikkleiinga bad om forlenga frist fordi ein var inne i ei vurdering av strukturen. Dvs. kva fabrikkbygg som skulle leve. Det var lite ønskjeleg å investere i luftreinsing dersom fabrikkdrifta vart avvikla.
Klagar frå naboane
Leiinga søkte Fylkesmannen om forlenga luktefrist ut 2006. Men fylkesmannen har siste månadene fått fleire henvendingar frå naboar til fabrikkane i Vågsøy som klagar over luktplage. Dei kan ikkje opne vindauge i husa sine eller sitje i hagen på grunn av lukta. Dei meiner dei har vore tålmodige lenge.
Fylkesmannen meiner også at verksemda har hatt tid til å få orden på problema og ei etterkoming av fabrikken sitt ønskje vil vere konkurransevridande i forhold til andre sildoljefabrikkar. Måløy sildoljefabrikk skal difor ha orden på luktproblema innan utgangen av året.