Dagleg leiar Yngve Hallén seier det er desse tre som må bere det tyngste ansvaret for laget sin vanskelege situasjon. Han ber om at dei får arbeidsro - iallfall ei stund.
Svein Bakke. Arkivfoto NRK
- For enkle å distrahere
Hallén er under press frå alle kantar etter at Sogndal har tapt halvparten av kampane sine så langt i 1. divisjon. Han seier dei enno ikkje har gitt opp målet om direkte opprykk til eliteserien, men legg til at dei som har fått klubben ut i uføret no må ta ansvar. Det er trenar Trond Fylling, sportsleg leiar Svein Bakke og kaptein Kjetil Ruthford Pedersen. I følgje Hallén har desse tre vore for enkle å distrahere så langt.
Kjetil Ruthford Pedersen. Arkivfoto NRK
- Tek tak - på vår måte
Klubben har vorte skulda for å ikkje klare å ta grep for å snu den nedadgåande trenden dei har vore i i snart to år. Hallén meiner dei no tek tak i det - på sin måte.