NRK Meny
Normal

Friskuletrøbbel i Fjærland

Oppstarten av friskulen i Fjærland kan bli utsett. Foreldra som ynskjer å starte opp friskulen får nemleg ikkje svar på søknaden før første august.

Fjærland Skule
Foto: Cosmin Cosma / NRK

Ingvar Supphellen, leiar for friskulegruppa, seier dette skapar problem for dei.

- Vi har ein del ting som må ordnast. Lokale, økonomi og tilsette.

Må planleggje i uvisse

I og med at foreldra i Fjærland ikkje får svar på søknaden sin før 1. august, må dei jobbe vidare med desse tinga, i uvisse om det faktisk blir noko av den private skulen.

Etter at skulen i Fjærland vart lagt ned, har foreldra ønskt å opprette ein privat friskule. Det einaste alternaltivet i dag, er at elevane frå hausten må pendle til Sogndal.

- Djupedal har somla

I desember vart det sagt at saka truleg skulle handsamast i vår. No kjem likevel ikkje svaret frå kunnskapsministeren før første august.

Supphellen meiner kunnskapsminister Øystein Djupedal har somla.

- Eg tykkjer ikkje det er gunstig.

Kunnskapsministeren avviser denne påstanden, og sa til Dagsnytt tidleg onsdag, at han trur skulane som får godkjenning første august er godt nok førebudde, og at han ikkje har hatt moglegheit til å behandle søknadane før i byrjinga av juni.

Sogndal einaste alternaltiv

Dersom friskuleprosjektet i Fjærland ikkje vert godkjend, er einaste alternaltivet å sende ungane på skule i Sogndal.

- Det er det kommunen ønskjer, men vi likar ikkje skyssavstanden dit. Men, det er det tilbodet vi har ståande frå kommunen.

Vegopning på Bergum i Førde kommune