Hopp til innhold

Friskmelder nettbankane og posten

Alle Evry sine tenester fungerer no som normalt og forbrukarane kan no nytta nettbanken og posten utan problem.

Illustrasjonsbilde av Skandiabankens nettbank.

TILBAKE: Ein av bankane som var råka i går var Skandiabanken, men no er alt som normalt igjen.

Foto: Aleksander Andersen / NTB Scanpix

Geir Remman

Kommunikasjonsdirektør i Evry, Geir Remman til NRK.

Foto: Evry

– Alle tenester fungerer no som normalt. Gjennom kvelden i går såg vi forbetring og like før midnatt fekk vi ordna dei siste problema, så no på morgonen verkar alt som det skal, seier kommunikasjonsdirektør i Evry, Geir Remman til NRK.

Millionar av bank- og postkundar vart råka av problema til Evry i går. Nettbankkundane fekk ikkje logga inn eller handla på netthandel og dei som venta pakkar på posten fekk ikkje henta dei. Posten opplyser at alle pakkar kan bli ein dag forsinka grunna problema dei hadde.

– Det er sterkt beklageleg, og vi beklagar overfor både kundane vår og brukarane. Det er viktig for oss å gå nøye gjennom dette og sjå korleis vi skal forbetra våre tenester, slik at dette ikkje skjer igjen, seier Remman.

Remman seier også at dei vil ha på ekstra beredskap gjennom helga for å sørga for å overvaka tenestene.

Evry er Norges største IT-selskap og har vore i søkelyset fleire gonger for feil som har skapt problem for norske bankkundar.

Utviklinga med fleire tekniske problem dei siste året uroar Finanstilsynet.