Hopp til innhold

Ordførarane sovna og stod opp til knitring frå bål

Fleire av fylkets ordførarar har sove ute i natt for å markere Friluftslivets år. Men sov dei godt?

Olav Lunden

Fleire av fylkets ordførarar har i natt fått skjønnheitssøvnen ute. På den måten har dei markert Friluftslivets år. Dei tent bål medan snøen har lava ned rundt dei.

Hentar fram heimevernskunnskap

I Nordfjord har ordførar Sven Flo fått bruke gamle heimevernskunnskapar for å få fart på elden i gapahuken.

– Dette er heilt fantastisk. Det er heilt strålande. Eg trur eg blir her eit par timar til, ler han.

Flo har overnatta med speidarar frå Stryn. Ikkje alle har sove like godt, men alle er ved godt mot. Med lukta av bål-kaffi som ordføraren er i ferd med å få fart på blir det sakte men sikkert god stemning.

  • Sov du ute i natt? Tagg bileta dine med #nrksf på Instagram eller send bilete til sf@nrk.no.
Ordførar Sven Flo i Stryn overnatta i gapahuk. Foto: Silje Guddal, NRK

VIDEO: Stryn-ordførar Sven Flo overnatta ute i natt.

Ein dag på kontoret?

Det fristar ikkje ordføraren å trekke seg tilbake på kontoret.

– Nei det kan hende eg dryger eit par timar før eg stikk på kontoret. Dette er så kjekt. No må vi berre få litt god gamaldags kokekaffi.

Flo meiner han har sove godt i natt. Og kjenner seg opplag før ein dag på kontoret.

– Eg har sove ganske godt. Det har vore ganske behageleg.

I Førde har rundt 50 personar sove ute. Ordførar Olve Grotle har ikkje snorka seg gjennom natta, men set pris på ein varmande kaffi.

– Det er viktig å få fokus på dette året. Med eit sånt stunt så håpar eg at fleire finn vegen ute i naturen. Men for min del kan dei gjerne vente til litt utpå våren, ler Grotle.

Han vedgår flirande at kontortilværet ikkje fristar akkurat i dag med diskusjonar rundt byutviklingsplanar.

Friluftslivets år i Sogn og Fjordane

NAUSTDAL: I Naustdal har mange sove i telt i natt.

Naustdalsordførar gir pengar

I Naustdal har ordførar Håkon Myrvang sove ute. Det har gitt inspirasjon.

– Friluftsliv er folkehelse, for alle generasjonar. Naustdal kommune ønskjer å markere Friluftslivets år 2015 ved at barn, unge og eldre skal oppdage og nyte gleda ved friluftsliv. Vi gir difor 5000 kroner til dette flotte folkehelsetiltaket, skriv Ordførar Håkon Myrvang i ein epost til NRK.