NRK Meny
Normal

Frisbeegolfbane i Måløy skapar full nabokrangel

MÅLØY (NRK): Naboane har sett seg lei på flygande frisbeear som treff husveggen. Måløy Disc Golf meiner dei ikkje har gjort noko gale.

Terje Hamre, Måløy Discgolfklubb

TRIST: Leiar i Måløy Disc Golf, Terje Hamre, syns det er trist at frisbeegolfbana no kan bli nedlagt.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

– Vi føler sjølv at vi ikkje har gjort noko overtramp, vi har vore opptatt av å få fine område og lage det hyggeleg for mange, seier leiar i Måløy Disc Golf, Terje Hamre.

I fleire år har frisbeegolfbana på Moldøen, øya under Måløybrua, vore flittig brukt på det statleg eigd friområdet som Fylkesmannen har mynde over. Korgene er plassert rundt omkring i det populære park og turområdet.

No har naboane sett seg lei av discgolfarane og Fylkesmannen har bestemt at det skal leggast inn ei sone mellom bana og husa. Det meiner Hamre kjem til å gjere det umogeleg å drive med discgolf.

– Forferdeleg trist

Måløy Disc Golf har lagt ned fleire hundre dugnadstimar på bana, men no kan det vera slutt.

– At ein person eller to skal vera i mot er heilt greitt, men at dei får bestemme om bana skal få vera her eller ikkje syns eg er forferdeleg trist, seier Hamre.

Ei av dei som ikkje syns det er trist er Reidun Jensen. Ho bur i eitt av husa som ligg rett ved og har sett seg lei på frisbeegolfarane.

– Det er ganske slitsamt, så lenge det er lyst ute gjennom heile året kan det komme folk. Det er mykje folk og hyling og skriking, folk spring rundt, diskane hamnar i husveggen på alle sider og fleire gonger har eg opplevd at barnebarna nesten har fått det i hovudet sitt, seier ho.

Naboane til frisbeegolfbana

NABO: Desse husa legg tett til bana, og fleire av naboane har klaga.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Prøvde kompromiss

Det vert gitt løyve til å drive bana i ti år om gongen og, miljøvernsjef hjå Fylkesmannen, Nils Erling Yndesdal, har prøvd å finne eit kompromiss.

– Vi kan ikkje ha den type konflikt som har vore i dette området. Konfliktar vi meiner kunne vore unngått om dei som bruker bana hadde halde seg innanfor det løyve som vart gitt for nokre år tilbake, men det har ikkje blitt følgt opp. Vi som grunneigar ser at vi må få dette i meir ordna former slik at andre aktivitetar og interesser vert tatt omsyn til, seier Yndesdal.

Den kritikken kjenner ikkje Hamre seg att i.

– Vi tar alltid omsyn til nabolaget og folk som går, seier han, og ser ikkje anna utveg enn å flytte bana.

Eit alternativ er Malakoff-parken på Nordfjordeid.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.