Hopp til innhold

Frikøyring i Sogndal

Frikøyring kan virke som skiløparar som tilfeldig tek seg ned bratte fjellsider. Men ikkje dei beste. For dei er det lite som er tilfeldig.

Created by InfoDispatcher

Foto: Steinar Lote/ H.L Bakke/ Redigering: Steinar Lote

Kunsten er å lese fjellet, sjå det og forstå det. Oppdage sin veg ned.

–Førsteinntrykket er bra. Det er litt dårleg sikt så det må vi passe på. Men snøen ser bra ut, så det mykje vi kan gjere. Vi har mange moglegheiter på toppen, så har vi eit ope området i midten, og det er mange moglegheiter nedst i bakken, seier Aurelien Ducroz.

Det er frikøyringskonkurranse på fjellsportfestivalen i Sogndal, og den verdskjende frikøyraren ser fjellet Sogndalseggi for fyrste gong. Franskmannen er to gongar blitt kåra til verdas beste.

Før enkelte renn kan han bruke fem til seks timar på å studere fjellet.

Må finne den beste lina

Aurelien Ducroz

FRIKØYRING: Aurelien Ducroz

Foto: Steinar Lote / NRK

–Når eg vurderer ei fjellside for første gong prøver eg å finne ei fin linje som eg likar. Ei som går frå toppen og heilt ned. Eg prøver å følge fjellet, unngå å krysse, men køyre så beint ned som mogleg.

For ein frikøyrar er det viktig memorere kvar einaste liten detalj. Huske alle hopp, plassar å lande og ikkje minst kva fart du må ha.

–Dei siste 10 åra har eg køyrt 60 – 70 løp, ofte to omgangar med ulike løyper. Så eg har stått slik og granska fjellsider nokre gongar kan du seie.

Men før planen kan settast ut i praksis, gjer dårleg vêr til at arrangørane vel å utsette konkurransen.

– Ei heilt rett avgjerd av arrangøren, men litt surt når ein har førebudd seg og er klar for konkurranse. Men dette fjellet er no lest og memorert.