Hopp til innhold

Frikjent for overgrep fordi saka var forelda

Ein mann i slutten av 30-åra er i Sogn og Fjordane Tingrett frikjent for overgrep mot ei mindreårig jente. Årsaka er at saka er forelda, seier retten.

Sogn og Fjordane tingrett

FRIKJEND: Retten meinte forholda mannen vart tiltalt for var forelda.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Overgrepa skal ha skjedd i ein periode frå 1998, då jenta var 5,5 år og fram til ho var 10 år.

Dei to er i nær slekt, og overgrepa skal ha skjedd medan jenta var på besøk hjå andre slektningar i Sogn og Fjordane.

Jenta har i fleire år slite med psykiske problem. Hendingane vart først kjende då jenta i vaksen alder fortalde ein kjærast om kva ho hadde vore utsett for.

Då saka var oppe for retten før jul nekta mannen straffskuld.

Trur på jenta

I retten fortalde jenta om at ho fleire gonger måtte ta på tiltalte innanfor kleda, på eit tidspunkt hadde han også vist ho ein pornofilm.

Retten er ikkje i tvil om at overgrepa har skjedd slik jenta har forklart, men kom til at overgrepa var seksuelle handlingar og ikkje seksuell omgang. Sidan tiltalte først fekk status som sikta i 2015, meir enn 10 år etter overgrepa skal ha skal ha slutta, meiner retten at saka difor er forelda.

Mannen vart difor frikjent for tiltalen, han må heller ikkje betale oppreisningserstatning eller sakskostnader.

Ikkje overraska

Forsvararen til mannen, Ivar Blikra, er ikkje overraska over avgjerda som retten har kome fram til.

Ivar Blikra

IKKJE OVERRASKA: Forsvarar Ivar Blikra.

Foto: Oddleif Løset / Nrk

– Eg er ikkje overraska over det, ut ifrå korleis bevisføringa var i retten, seier Blikra.

Han vil likevel ikkje kritisere påtalemakta for å ta saka til retten.

– Nei, slik denne saka låg an så var det naturleg at påtalemakta tok saka til retten og fekk ei prøving av bevisspørsmålet. Min klient er letta av over at retten har landa ned på at det er snakk seksuell handling og ikkje seksuell omgang, og at saka difor er forelda og han er frifunnen, seier Blikra.

Har ikkje tatt stilling til anke

Statsadvokat Magne Nyborg har ikkje fått studert dommen og ynskjer difor ikkje å gi noko nærare kommentarar.

Magne Nyborg

IKKJE TATT STILLING TIL ANKE: Aktor Magne Nyborg

Foto: Aina Rødal / NRK

– Vi har no 14 dagar på oss til å gå igjennom dommen og vurdere kva vi skal gjere, seier Nyborg.

Han vil då sende ei innstilling til riksadvokaten. Sidan jenta var under 10 år då overgrepa skal ha skjedd er det riksadvokaten som tek endeleg stilling til om dommen skal ankast eller ikkje.