Det var i fjor haust at mannen trudde at kona var på besøk hos ei venninne. Men då ho kom heim fortalte ho at ho hadde vore på weekendtur med ein ny kjærast. Ho sa at ho ville skilje seg, og at helga hadde vore den finaste på fleire år.
Reagerte med å sparke
Ektemannen reagerte med å sparke kona og å spytte på ho. Sorenskrivaren ville ha mannen dømd, men dei to lekdommarane meiner reaksjonen frå mannen står i rimeleg høve til den provokasjonen han vart utsett for.
- Ingen mann har rett til å utøve vald, seier Tove Smaadahl. Foto: Berit Roald/SCANPIX
- Katastrofal dom
- Dette er ein katastrofal dom, seier Tove Smaadahl i krisesentersekreteriatet om den kontroversielle dommen.
- Meddommarane meiner at han har rett til å sparke, slå og spytte på ei kvinne fordi han var ærekrenka. Dette gir heilt feil signal ut i samfunnet. Uansett kva ein mann har opplevd så har han ingen rett til å slå ei kvinne, seier ho.
- Heilt OK
Advokatfullmektig Maria Kirkeeide som representerer den tiltalte ser derimot ikkje det prinsipielle i denne saka.
- Nei. I forhold til denne saka ser eg ikkje det. Vi har fått gjennomslag for at dette vart provosert fram, og i denne saka meiner eg det er rett.