NRK Meny

Frikjend for vald

Ein mann i 20-åra frå Nordfjord er i tingretten frikjend for vald. Mannen var tiltalt for å ha sparka ein annan mann i andletet slik at denne uvita. Ein overvakingsvideo syner at den fornærma oppførte seg trugande mot den tiltalte, og også sparka mot hovudet til tiltalte. Fornærma fall på bakken, men prøvde å reise seg igjen, og det var då den tiltalte sparka ein gong og trefte fornærma i hovudet. Retten har kome til at sparket skjedde i sjølvforsvar, og har frikjent mannen.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå