Frikjend for truging med øks

Ein mann i 40-åra er frikjent for å ha truga sambuaren sin med øks. Han var også tiltalt for å ha slått henne gjentekne gongar.

Det var ein fredag i vår at mannen ifølgje tiltalen skulle ha heva øksa mot sambuaren sin. Tre timar seinare skal han ha slått henne gjentekne gongar på overkroppen.

Ingen vitne

- Det var ingen vitne til hendinga, noko som er heilt typisk for kvinnemishandling. Familievald er eit samfunnsproblem som det er viktig at politi og rettsvesen reagerer mot, skriv retten i dommen.  

Dei to har vore eit par i 13 år. Den siste tida skal mannen ha slite med at kvinna har klart å integrera seg i det norske samfunnet, mykje betre enn han. Mellom anna er det berre ho som har jobb. Han har også ha gitt uttrykk for sjalusi, og skulda henne for utruskap.

Etter dei to samanstøytta denne fredagskvelden, skal kvinna ha rømt til ei venninne. Mannen hadde då drukke alkohol, og la ut på vandring langs vegen i området.

Var redd

Då kvinna varsla politiet, fekk dei inntrykk av at ho var redd for kva mannen kunne komma til å gjera mot henne. Men kvinna hevda i retten at ho først og fremst hadde vore redd for kva mannen kunne komma til å gjera mot seg sjølv. Ho frykta han kunne drepa seg.

- Dette er ei vanleg bortforklaring i kvinnevaldssaker, med sterke bindingar mellom dei to partane, står det i dommen.

 Retten synest difor det er viktig å sjå vekk frå kva innvendingar kvinner kjem med i etterkant av at dei melde mannen til politiet.

På punktet som handlar om øksa vart mannen frikjent fordi dette hendte i ein vedkjellar. Kvinna forlot kjellaren straks han tok etter den, og retten meiner ein difor ikkje kan vera sikker på at han hadde tenkt å truga henne med den.

Den andre delen av tiltalen var at han skal ha slått henne gjentekne gongar på overkroppen. Også her fann retten grunn til tvil. Det er vanskeleg å seie som han har halde henne i overarmen, dytta henne eller slått til henne, og også kvinna skal ha vore hardhendt i basketaket, står det i dommen. Dessutan hadde ho ingen synlege blåmerker.

Øya Bremangerlandet vil vere utan veg til fastlandet fram til neste veke.
For han som var sekundar frå å bli treft av steinblokkene, var det ei skremmande oppleving.
Over 3000 asylsøkjarar har forsvunne siste året.
  
Heile villreinstammen på Nordfjella, nær 2000 dyr, bør utryddast snarast råd. Det meiner forskarar etter at det i fjor blei påvist skrantesjuke. 
I dag møttes forskarar, politikararar og forvaltninga, for å diskutere den vidare kampen mot smitta.