Hopp til innhold

Friidrettskomet (15) utteken til nordisk

I dag vart det endeleg klart. Langdistanseløparen Inga Kårstad Skaar (15) får måle krefter med dei beste juniorane i Norden.

Inga Kårstad Skaar junior-NM Byrkjelo

SJELDAN: Det er ikkje ofte at 15-åringar blir tekne ut til nordisk juniorlandskamp i friidrett, men Førde-jenta Inga Kårstad Skaar er ein av desse.

Foto: Rune Fossum / NRK

Friidrettsutøvaren frå Førde var ikkje i troppen som vart offentleggjort måndag, men fredag kom meldinga Narve Heggheim rekna med ville komme.

Inga Kårstad Skaar blir den fjerde utøvaren frå fylket som skal forsvare dei norske fargane under juniorlandskampen i finske Espoo 29. – 30. august.

– Ho presterte godt under Ungdomsmeisterskapen, men det spesielt med bakgrunn i dei gode prestasjonane under junior-NM på Byrkjelo at ho no vart teken ut, seier Narve Heggheim, dagleg leiar i Norsk Friidrett Sogn og Fjordane.

– Sjeldan og spesielt

Det er sjeldan at ein så ung løpar blir teken ut til internasjonale stemne. Kårstad Skaar fyller 16 år i løpet av året, men vil møte opp mot 19 år gamle konkurrentar.

I helga tok 15-åringen sitt første NM-gull for juniorar på 3 000 meter på Byrkjelo. Det er same distanse som ho skal springe i Finland.

– Det er sjeldan og spesielt å hevde seg i konkurranse med tre år eldre utøvarar. Det viser kapasitet. Vi veit at Inga er flink til å trene, og no får ho betalt for å vere allsidig, legg Heggheim til.

Fekk kyssesjuka

NRK har ikkje lukkast å få kommentar frå hovudpersonen sjølv, men under helgas NM i Gloppen vedgjekk ho at det i vinter var lite som tydde på at ho skulle hevde seg så godt denne sesongen.

I påska vart ho diagnostisert med kyssesjuka.

– Sjukdomen sette meg skikkeleg tilbake, så dette var litt av ein opptur. Eg tenkte eigentleg at friidrettssesongen kom til å ryke på grunn av kyssesjuka, men eg har no fått det til ganske bra likevel, gliste ho.

Nyttig erfaring

– Det er ein sterk prestasjon å slå så sterkt tilbake etter sjukdomen, legg Heggheim til.

Kårstad Skaar har flytta til Geilo for å studere ved Norges Toppidrettsgymnas. Der kjem ho til å halde fram satsinga på både langrenn og friidrett.

– Under Nordisk vil ho få prøve seg blant dei beste i Norden, og det håpar eg blir ei erfaring som motiverer henne til å satse vidare, seier Heggheim.

P.S. I fjor var Evald Osnes Devik einsam svale frå Sogn og Fjordane i Nordisk juniorlandskamp i friidrett. I år får Kårstad Skaar følgje av hekkløparen Kristi Strømmen Kjerpeset (Florø) og kastarane Thomas Mardal (Gloppen) og Hans Sande (Gloppen).