NRK Meny
Normal

Friidrett og fotball i same turneringa

VIK (NRK): Kasper og Linus Cup i Vik er eit oppgjer med spesialiseringa av barneidretten. Her konkurrerer ungar i mange ulike idrettsgreiner på same dagen.

hovudbilete

I GOD FORM: Helge Brekke meiner idrettsjenter- og gutar blir i best form av å tevle i ulike idrettar.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– No skal jo ungane spele fotball frå dei er seks år gamle. Det er altfor mykje fotball. Når dei er 13–14 år gamle, er dei leie, seier initiativtakar til turneringa Helge Brekke.

Han vil skape allsidige idrettsutøvarar, som driv med fleire ulike idrettar til godt opp i tenåra, og ikkje berre spesialiserer seg i éin idrett for tidleg.

Helge Brekke på Knarvik Stadion

PRIMUS MOTOR: Helge Brekke frå Vik er initiativtakar til stemnet Kasper og Linus Cup, kalla opp etter Brekke sitt barnebarn og venen hans.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

Stemnet han stelte i stand i heimbygda Vik i helga, skal skape grobotn for nettopp det. Her konkurrerer ungar i individuelle idrettar som sprint, lengdehopp og kulestøyt, men også i fotball.

Same utøvarar i alle greiner

Alle konkurrerer i alle greinar, og det gjeld å vere god i alle dei ulike idrettane. Dei får poeng for prestasjonar i kvar grein, og så er det eit samla resultat som avgjer kven som er vinnaren. Det er lagresultatet, og ikkje dei individuelle resultata, som tel til slutt.

fotball

LAGSPORT: Fotball var - i tillegg til stafetten - den einaste lagidretten i turnerninga.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Det var eigentleg berre eit eksperiment for å sjå om det var mogleg å få til noko slikt. Barneidretten har jo vorte veldig spesialisert no, men eg ville sjå om det var noko interesse for det her, seier Brekke.

Og sjølv om stemnet var midt ferien, møtte det opp ein god del ungar frå Vik og nokre få frå andre kommunar.

Primus motor Helge Brekke er ingen uerfaren idrettsmann. Syttifireåringen har vore aktiv innan idretten heilt sidan han som femtenåring vart formann i friidrettsgruppa til Vik IL. Og heile tida har den allsidige idrettsutøvaren vore eit ideal for vikjen.

Status å drive med idrett

– Eg vaks opp i eit godt idrettsmiljø i Vik, der det var høgare status å springe på stafettlaget til Vik IL enn å sitje i kommunestyret. Vi heldt på med mange forskjellige greiner og var gode i mykje ulikt.

lengdehopp

LUFTIG: Lengdehopp var ei av greinene i Kasper og Linus Cup.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Lidenskapen for breiddeidretten var også utgangspunktet for at Brekke på byrjinga av åttitalet tok initiativ til den fyrste idrettsskulen i landet, også den i Vik. Der skulle dei lære om - og bli gode i - alle slags idrettar. No finst det liknande skular i heile Noreg.

Det hindrar ikkje idretten i å bli stadig meir einsretta, seier Brekke. Han tykkjer breiddeidretten har like mykje verdi i dag, som då han vaks opp.

– Då eg vaks opp, sparka vi ball og leika hauk og due. Vi var alltid ute, og det var aldri nokon som køyrde oss til treningar. No er jo tidene heilt forandra, og det er datamaskin og smarttelefonar som er det største trugsmålet mot idretten. Me må berre akseptere at tidene forandrar seg, men då må vi finne ei ny vinkling som gjer idretten meir interessant.

gruppe

SPREKE VIKJER: Over tjue gutar og jenter var med på stemnet i helga.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Brekke trur nemleg at det å vere god i fleire idrettar har større verdi for ungdom enn nokon gong før.

– Det eg er oppteken av er at folk skal lære i ung alder å ta vare på helsa si. Då lyt ein ha både styrke og kondisjon, og då nyttar det ikkje å berre kunne sparke på ein ball.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.