Hopp til innhold

Først vart han dømd for valdtekt – no er mannen frifunnen

Ein 25 år gamal sogning er i Gulating lagmannsrett frifunnen for å ha valdteke ei kvinne medan ho sov.

Gulating lagmannsrett

FRIFUNNEN FOR VALDTEKT: Fleirtalet av lagdommarane trur ikkje på at kvinna var så rusa at ho ikkje kunne sette seg imot valdtekta.

Foto: Sindre Øye Helgheim / NRK

Sommaren 2013 møttest kvinna som då var 21 år og mannen som var 23 på eit nachspiel i Sogn. Dei to kjende til kvarandre frå før, men hadde berre sporadisk kontakt via Facebook.

Begge to var svært rusa, både av alkohol og valium. Både tiltalte og fornærma skal ha gått til eit soverom og lagt seg, påkledde i ei seng. Fornærma skal ha sagt til tiltalte at ho var svært trøytt og sa frå om at ho ikkje ville ha sex med han.

Kvinne skal så ha sovna. Ifølgje tiltalen skal mannen ha valdteke kvinna medan ho sov eller var medvitslaus. Mannen avviste overgrep, men vedgjekk intimitet med kvinna.

Fjordane tingrett festa ikkje lit til mannen si forklaring og dømde 25-åringen til tre års fengsel. Mannen måtte også betale erstatningar til kvinne på til saman nesten 345.000 kroner.

Festar lit til vitne

Mannen anka dommen til Gulating lagmannsrett, som no har frifunne mannen. Fleirtalet har lagt vekt på forklaringa til ein drosjesjåfør som henta ein annan person i huset. Drosjesjåføren skal ha sett den fornærma kysse den tiltalte på kjaken og forklarte i retten at kvinna og den tiltalte skal ha sett veldig forelska ut.

Politimeldinga av valdtekta kom først etter ein dialog mellom kvinna og tiltalte der tiltalte hadde gitt uttrykk for at dei to hadde hatt sex.

Folkehelseinstituttet har funne biologisk spor som kan tyde på at dei to hadde samleie, men fleirtalet av lagdommarane festar lit til ei vitneforklaring om at kvinna var rusa, men ikkje ute av kontroll.

Eit fleirtal av lagdommarane meiner dessutan at mannen heller ikkje skal betale erstatning til kvinna.