Hopp til innhold

Frifunnen for promille med lastebil

Politiet meiner vossingen køyrde lastebil og hengar med to i promille. Det trur retten og, men likevel vart mannen frifunnen i Sogn Tingrett.

Det var natt til laurdag 29. oktober i fjor at vossingen ifølgje politiet skal ha køyrt ein lastebil med tilhengjar frå Aurland til Flåm kyrkje. Den totale lengda på køyretyet var nesten 19 meter. Politiet meiner mannen, som er i byrjinga av 30-åra, hadde to i promille på den 12-13 kilometer lange køyreturen.

- Sov under køyreturen

Vossingen og ein kompis hadde vore på pub i Aurland. Då dei venta på skyss heim, var det så kaldt at dei gjekk inn i førarhuset og starta motoren på lastebilen. Begge forklarte i retten at dei sovna i lastebilen og at då dei vakna så stod den parkert i Flåm. Men kven som køyrde bilen framstår noko uklart. Karane hevda i retten at det var ein tredje person ved bilen då dei kom ut frå puben. Kven dette var eller kvar det vart av han etter køyreturen kunne dei to karane ikkje gjere greie for i retten. Det einaste dei hugsa var at han var sogning.

- Retten festar ikkje lit til forklaringane om at det kanskje var ein ukjend person som køyrde. Men det kan heller ikkje utelukkast i og med at vitnet som såg to personar ved lastebilen etter køyreturen, kom fram såpass lang tid etter køyreturen at ein tredjemann hadde hatt god tid til å forlate staden, heiter det i dommen.

- For humpete til soving

Retten trur heller ikkje på det var mogeleg å sove under heile turen.

- Turen må ha vore svært bråkete og humpete, samt svært svingete. Det må difor ha vore svært vanskeleg å sove. Det er derimot mindre usannsyneleg at tillate kan ha sovna då han er yrkessjåfør og van med å sove mens ein annan køyrer.

Gjorde skade på bruer

Tingretten meiner det er prova at lastebilen vart køyrt på strekninga, og at den gjorde ein del materielle skader på bruer og autovern, i tillegg til at den var utfor vegen fleire stader. Vitne som såg køyringa fortel også at sjåføren må ha vore påverka eller ikkje kunne køyre så store køyrety.

Retten meiner det må vere ein godt trena som sjåfør som køyrde det nesten 19 meter lange køyretyet, då deler av den aktuelle strekninga er svært smal med fleire krappe svingar. Deler av køyreturen gjekk også på E16. Retten meiner og at det ikkje heilt naturlege vegvalet opp Flåmsdalen kan tyde på at sjåføren eller passasjeren må ha vore lokalkjend i området.

Politiet ville ha fengselsstraff

Aktor, politiadvokat Magnar Austerheim, la ned påstand om at vossingen måtte dømmast til fengsel i 30 dagar og ei bot på 8.000 kroner. Austerheim ville og ha inndrege førarkortet i to år og fem månader.

Men ein samrøystes Sogn Tingrett valde likevel å frifinne mannen etter ei totalvurdering av dei mange usikre forholda rundt bevisa i saka.

- Retten meiner den tiltalte mest truleg køyrde lastebilen. Det var han som disponerte bilen og hadde ansvar for den. Han starta og opp bilen. Han har vore yrkessjåfør i kring 10 år og har god nok erfaring til å køyre på kronglete vegar, også i påverka tilstand. Det kan likevel ikkje utelukkast at andre har køyrt, og retten meiner det er meir enn ein teoretisk mogeleg, heiter det i dommen.