NRK Meny
Normal

Politiet meinte at mannen køyrde i over 170 km/t - retten meinte bevisa ikkje var sterke nok

Først vart sunnmøringen i 30-åra dømd for råkøyringa. No er han frifunnen.

E39 Kvivsvegen i Sogn og Fjordane / Møre og Romsdal

RÅKØYRDE: Farten fram til Kvivstunnelen var aldri over førarkortbeslag, men Triptrack-utstyret til politiet viste at patruljen køyrde i over 180 km/t inne i tunnelen og likevel ikkje klarte å halde følgje med motorsyklisten.

Foto: NRK

Politipatruljen la seg på hjul då motorsykkelen susa forbi dei ved Austefjorden på Sunnmøre.

Ved innkøyringa til den 7,7 kilometer lange Kvivstunnelen akselererte motorsykkelen kraftig. To og eit halvt minutt seinare var sykkelen ute av tunnelen og svinga nordover til Sunnmøre att. Det var også det siste patruljen såg til motorsyklisten.

Målingar gjort på bakgrunn av videoopptaket til patruljen viste at motorsyklisten la bak seg 7,7 kilometer på to minuttar og 35 sekund. Ein fart på 178,9 km/t.

Utan registreringsnummer på sykkelen gjekk politiet til media, noko som førte til konkrete tips frå publikum. I avhøyr to veker seinare blånekta mannen for å ha ført den aktuelle motorsykkelen.

Meinte at han var på biltur

Sunnmøringen forklara at motorsykkelen hans stod til reparasjon hos ein kamerat. Mobildata og bankutskrifter knytte mannen til den aktuelle ruta i det aktuelle tidsrommet. Sjølv hugsa ikkje mannen sikkert kva han gjorde, men meinte han kunne ha vore på biltur med kameratar.

Politiet undersøkte ikkje motorsykkelen til sunnmøringen. Dei tok heller aldri kontakt med personane som mannen var i kontakt med i det aktuelle tidsrommet.

Videoen vart ikkje vurdert som god nok til å nyttast som bevis mot mannen i domstolene.

Medan Fjordane tingrett meinte bevisa var sterke nok til å dømme han til 30 dagar i fengsel , var Gulating lagmannsrett delt i skuldspørsmålet.

I rettssalen er det påtalemakta som skal bevise at tiltalte er skuldig, og ikkje den tiltalte som skal føre bevis for si uskuld. Tvilen skal kome tiltalte til gode.

Ikkje gode nok bevis

Den tvilen såg fleirtalet i lagmannsretten. Sjølv om dei meinte at mannen truleg var førar av motorsykkelen, meinte dei at bevisa ikkje var sterke nok til å møte det strafferettslege beviskravet.

Mindretalet meinte derimot at det ikkje var grunn til å tvile på at mannen sat på førarsetet.

Dei meinte at lagmannsretten skulle ta til følgje påstanden som påtalemakta også la ned i tingretten, fengsel i 30 dagar og 30 månader utan førarkort.

Mannen sin forsvarar, Arne Blom, har så langt ikkje vore tilgjengeleg for kommentar til saka.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.