NRK Meny
Normal

Hevdar vegvesenet gav han feil informasjon

Sogningen vart for over eit år sidan stogga på ein firhjuling utan gyldig førarkort. No har tingretten frifunne han.

Sogn tingrett

FRIFUNNEN: Ein mann i 40-åra er frifunnen for å ha køyrt ATV utan gyldig førarkort.

Foto: Arve Uglum / NRK

Det var i mars i fjor at mannen i 40-åra vart stogga i kontroll utan gyldig førarbevis.

Dette berre ei veke etter at han hadde fått bot for å ha køyrt utan førarkort, som han mista i 2008. Sogningen har forklart i retten at han forstod at han ikkje hadde førarrett.

– Vegvesenet sa han hadde lov

Likevel valde han å køyre firhjuling, noko han i retten forklarar med at Statens vegvesen hadde sagt at han kunne.

Ifølgje mannen hadde han i ein telefonsamtale med sakshandsamar oppgitt personnummer og bede om ei avklaring på om han kunne køyre moped og ATV utan å ha førarkort. Her skal han ha fått beskjed om at han hadde lov til det med mindre køyretøyet var over 50 kubikk.

Sogningen forklarar at han oppfatta det slik at det hadde samanheng med alderen hans og at han hadde hatt førarkort for bil.

– Fleire feilbeskjedar

Dermed var han i god tru då han køyre firhjulingen. Retten la også til grunn at tiltalte fortalde at han etter å få ha fått legeattest på at han kunne få att førarretten, fekk opplyst frå trafikkstasjonen at han måtte ta køyretimar.

Det gjorde han, men seinare kom det fram at han likevel ikkje trengde det. Då fekk han refundert det han hadde lagt ut på køyretimane.

– Etter retten sitt syn står regelverket knytt til bruk av ATV ikkje fram som umiddelbart enkelt og oversiktleg, går det fram i dommen.

Fordi tiltalte forklarte at han fått beskjed frå vegvesenet om at han kunne køyre ATV, meinte retten at all rimeleg tvil må kome han til gode. I samband med denne vurderinga la dei også vekt på at han også tidlegare hadde fått feil opplysningar, då i samband med køyretimane. Dermed valde retten å frifinne tiltalte.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser