Ordførarane i Bergen og Ålesund stiller seg no bak kravet om bygging av Stad skipstunnel.
På eit møte i Bergens Næringsråd i går fekk dei orientering om planane.
Herman Friele meiner Norge har så god råd i dag at det må finnast pengar til ein slik tunnel.
- Men den viktigaste grunnen er at tunnelen kan redde liv, seier Friele til Bergens Tidende.
No vil dei to ordførarane drive aktiv lobbyverksemd overfor sentrale styresmakter og politikarar.
Bergensordføraren og ordføraren i Ålesund går no saman om å ville realisere ein skipstunnel forbi Stad. På eit møte i Bergens Næringsråd i går fekk dei orientering om planane og Herman Friele meiner Norge har så god råd i dag at det må finnast pengar til ein slik tunnel. Men den viktigaste grunnen er at tunnelen kan redde liv, seier Friele til Bergens Tidende.
No vil dei to ordførarane drive aktiv lobbyverksemd overfor sentrale styresmakter.