Hopp til innhold

Fridtjov sporlaust vekke frå Kviknes Hotel

Politiet ber publikum om hjelp etter at ein kopi av Fridtjov-statuen vart stolen frå Kviknes hotell i Balestrand.

Fridtjov den frøkne

TJUVERI: Fridtjov-statuen sporlaust borte frå Kviknes Hotel.

Foto: Kviknes Hotel

– Det er ufatteleg trist at statuen er vekk. Han har stått på hotellet sidan 1958 og stor affeksjonsverdi for oss og også mange i bygda kjem til å sakne statuen, seier hotelldirektør Sigurd Kvikne.

Originalen, som keisar Wilhelm II av Tyskland gav i 1913, står på Vangsnes i Vik. I tillegg vart det laga tre mindre kopiar. Den 46 centimeter høge bronsekopien som stod på Kviknes Hotell var i utgangspunktet eigd av målaren Hans Dahl som var ein god ven av den tyske keisaren.

– I 1958 var det ein auksjon i Dahl-villaen, og då fekk mi farmor, Martha Kvikne kjøpt statuen.

I 61 år fekk statuen stå på hotellet før den forsvann i førre veke.

Oppdaga i førre veke

Statuen stod i Høyvik-salen på hotellet og tjuveriet vart oppdaga torsdag 28. august.

Sigurd Kvikne

AFFEKSJONSVERDI: Hotelldirektør Sigurd Kvikne seier affeksjonsverdien nok er større enn verdien på statuen.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Hotellet var fullt frå onsdag til torsdag, det vil seie godt over 300 gjester i tillegg til dagturistar som kjem innom og lokalbefolkning som kjem innom for å ete. Så det har vore mykje folk innom, seier Kvikne.

Statuen er svært tung og Kvikne reknar med at tjuvane har visst kva dei var ute etter.

– Det er ein teori, og då må dei hatt ein bag eller noko liknande som dei kan hatt statuen i. Det er berre trist alt saman, seier Kvikne.

Han trur likevel ikkje at statuen er lett omsetteleg, dersom nokon har stole den berre for å få ut pengar for den.

– Statuen har jo nære band til Tyskland, men det kan også vere nordmenn som står bak, seier Kvikne.

Meldt til politiet

Fridtjov den frøkne

KOPI: Den stolne statuen er ein kopi av den store Fridtjov-statuen som står på Vangsnes i Vik.

Foto: Kviknes Hotel

Hotellet har meldt tjuveriet til politiet.

– Vi har førebels ikkje så mange spor i saka, og ynskjer tips, seier, politibetjent Oda Elvegård Thorstad ved Høyanger lensmannskontor.

Ho seier dette er ei krevjande sak å skulle etterforske sidan statuen kan vare kvar som helst.

– Det er ikkje så mykje vi får gjort. Det er i utgangspunktet ei vanskeleg sak å oppklare, seier Thorstad.