Hopp til innhold

Det blir spel på Vangsnes i år

Fylkeskommunen og Norsk Teaterråd trår støttande til med pengar. Dermed blir Agnes Kittelsen og Endre Hellestveit likevel å sjå på Vangsnes i august.

Fridtjov den frøkne

SPELSTADEN: Manusforfattaren Rolf Losnegård tok utgangspunkt i segnfiguren Fridtjov den frøkne frå Vangsnes, då han skreiv spelet «Fiende og elskar». Arena for spelet er området ved statuen av Fridtjov den frøkne, som vart gitt som gåve frå den tyske keisaren i 1913.

Foto: Ottar Starheim / NRK

 Agnes Kittelsen før utdelingen av Amandaprisen 2009 i Haugesund fredag kveld.

HOVUDROLLE: Agnes Kittelsen, kjend frå blant anna filmen «Max Manus» spelar houdrolla som Ingeborg i Fridtjovspelet.

Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX
Endre Hellestveit og Bjørn Floberg i "Falne Engler"

FRIDTJOV: Endre Hellestveit (t.v.), her saman med Bjørn Floberg i ein av filmane om «Varg Veum», skal også i år kle rolla som Fridtjov.

Foto: Foto/Copyright: SF Norge AS

Det har vore uvisst om arrangøren lykkast i å reise dei naudsynte midlane til eit nytt Fridtjov-spel på Vangsnes i Vik. No er floka løyst.

Får 350.000 kroner

– Styret i Fridtjovspelet mottok ei fantastisk gledeleg melding om at fylkeskommunen og Norsk Teaterrråd stør Fridtjov-spelet «Fiende og elskar» med høvesvis 150.000 og 200.000 kroner, seier styremedlem Gjertrud Samland til Sogn Avis.

Uvissa rundt økonomien har halde styret i tenkeboksen om kor vidt dei skulle setje opp att framsyninga som hadde premiere i 2008.

– Det blir spel på Vangsnes 6. - 7. august, lovar Samland.

Kjendisar

Då stiller også skodespelarane Agnes Kittelsen, som hovudrolla Ingeborg, og Endre Hellestveit i rolla som Fridtjov, slik dei gjorde i 2008. Begge er kjende namn frå teater, tv og film dei siste åra.

Regissør Agnete Haaland og manusforfattar Rolf Losnegård jobbar ifølgje Sogn Avis med å fornye spelet.

...og amatørar

Fortuan dei profesjonelle hovudrolleinnehavarane, treng Fridtjovspelet også ei rekkje amatørar på laget og frir til folk som ønskjer å vere med.

– Vi treng korsongarar, skodespelarar, dansarar, musikarar, sminkørar og scenearbeidarar. Vi ønskjer derfor gamle og nye aktørar, både unge og gamle velkomne, seier Samland.