Hopp til innhold

– Drepen for bedrifta om vi ikkje får tak i arbeidskraft

FRESVIK (NRK): Aldri tidlegare har det vore verre å ta tak i fagfolk til Fresvik Produkt. Ei av fleire bedrifter i Utkant-Noreg som taper kampen om kvalifisert arbeidskraft.

Gyda Bøtun

SLÅR ALARM: Fresvik Produkt i den vesle bygda Fresvik i Sogn slit kraftig med å få tak i kvalifisert arbeidskraft. Administrerande direktør Gyda Bøtun fryktar at bedrifta står i fare dersom ikkje situasjonen betrar seg.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Vi risikerer at vi ikkje får tak i kvalifiserte folk. Hardt og brutalt kan det bety drepen for bedrifta, seier Gyda Bøtun med eit alvorleg drag over andletet.

59-åringen har jobba i Fresvik Produkt i den vesle bygda Fresvik Sogn i 32 år, dei siste fem som administrerande direktør.

– Det er spesielt vanskeleg å få tak i arbeidskraft for stillingar som krev fagleg bakgrunn. Vi har søkt etter salskonsulent som er ei veldig viktig stilling for oss. Men vi har ikkje fått søkjarar som kan tilsetjast, seier ho.

Bøtun meiner kommunane i større grad må forstå kor avgjerande det kommunale tenestetilbodet er for kor folk tek seg jobb og vil bu.

– Då tenkjer eg ikkje minst på gode barnehagar og skular. Skulen i Fresvik heng no i ein tynn tråd, noko som gjer arbeidsplassen vår mindre attraktiv, seier ho.

Fresvik Produkt har 40 tilsette og produserer isolasjonselement til byggmarknaden og kjøle- og fryseindustrien.

Forstår frustrasjon

Styreleiar i Sunnfjord Energi og tidlegare banksjef i Sparebanken Sogn og Fjordane, Arvid Andenæs, er ikkje overraska over rekrutteringsvanskane ved Fresvik Produkt.

– Ein av dei største utfordringane i eit distriktsfylke som Sogn og Fjordane blir å få tak i nok arbeidskraft, seier han.

Arvid Andenæs, adm. dir. Sparebanken Sogn og Fjordane

STOR UTFORDRING: Arvid Andenæs, styreleiar i Sunnfjord Energi og tidlegare banksjef i Sparebanken Sogn og Fjordane, meiner det er viktig at høgskulane i distrikta utdannar folk som næringslivet har behov for.

Foto: NRK

Andenæs viser til at det skjer veldig mykje i næringslivet, og peiker på kor viktig det er at høgskulane satsar på utdanningstilbod som er attraktive for næringslivet i sine område.

– Befolkningsutviklinga i Sogn og Fjordane står stort sett i null, og folk søkjer seg gjerne til større miljø. Ikkje minst blir kompetanse innan IT- og programmering svært viktig i åra som kjem, seier han.

– Ikkje vanskelegare i Førde enn i Oslo

Dagleg leiar i Førde-verksemda Tibber, Edgeir Aksnes, har ei litt anna syn på korleis det er å rekruttere arbeidskraft i utkantstrok.

– Noko av det viktigaste vi gjer er å få tak i dei beste talenta, anten det er innan programmering eller marknadsføring. Meg eg opplever ikkje at det er vanskelegare å rekruttere folk til Førde enn til dømes til Oslo eller Stockholm, seier han.

Næringsliv Vegard Gillestad, Edgeir Aksnes og Inge Rotnes fra Tibber.

IKKJE EINING: Det er ikkje vanskelegare å få tak i fagfolk i Førde enn til dømes i Oslo og Stockholm, meiner Edgeir Aksnes (ståande lengst bak), dagleg leiar i Tibber.

Foto: Espen Breivik / NRK

Tibber har kontor både i Førde, Oslo, Stockholm og Berlin.

– Det er kjempegod økonomi i landet og stort behov for fagfolk. Difor blir det ein kamp om å få tak i dei beste hovuda, seier han.

Tibber har utvikla ein App som skal sikre kundane dei mest lukrative straumleverandørane.

Uroa

Avdelingsleiar ved Innovasjon Norge Vestland, Kristine Kopperud Timberlid, er uroa over situasjonen.

– Tilgangen på kompetent arbeidskraft er verkeleg ein av dei største utfordringane næringslivet vårt har her i Vestland. Dette gjeld både i bygd og by, men til lenger unna pressområda ein kjem, til vanskelegare er det å få rett kompetanse til jobbane, seier ho.

Kopperud Timberlid viser til at det er spesielt vanskeleg få tak i nok folk til IT-bransjen.

– Det er problematisk, gitt at dei fleste bedrifter i dag bør sjå på korleis dei kan bli meir digitale, seier ho.

Kristine Kopperud Timberlid

VANSKELEG: – Det er vanskeleg å få tak i fagfolk både i bygd og by, men til lenger unna pressområda ein kjem, til vanskelegare er det å få rett kompetanse til jobbane, seier Kristine Kopperud Timberlid i Innovasjon Norge.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Omfattande sentralisering

Bøtun meiner på si side at ei omfattande sentralisering dei siste åra gjer at folk søkjer seg meir og meir til byar og tettstader.

– Distriktskommunane taper kampen om arbeidstakarane, og resultatet blir minkande folketal. Er dette ei utvikling vi berre må godta, og ikkje kan gjere noko med, spør ho.