Hopp til innhold

Frekke tjuvar sneik seg inn

Familien i Førde skulle berre ut på ein fjelltur. Men frekke tjuvar fekk det med seg og sneik seg inn vindauget.

Førde sentrum frå lufta

FØRDE: Tjuvar sneik seg inn i bustadhuset då familien berre var vekke i få timar. Dette er eit bilete av Førde frå lufta.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

– Det er kynisk og frekt, og har skjedd i løpet av få timar. Fjellturen varte berre rundt fire timar, seier operasjonsleiar hjå politiet, Kjetil Drange.

Det har dei siste månadane versert diverse historier om omreisande kriminelle som held auge med og undersøker måla sine, før dei slår til når folk ikkje er heime. Førebels kan ikkje politiet seie noko om det er tilfelle i Førde.

– Om desse tjuvane har speida eller om dei gamblar på at ingen her heime veit vi ikkje, seier operasjonsleiar hjå politiet, Kjetil Drange.

På grunn av omsyn til etterforskinga vil ikkje politiet gå ut med kva som er stole eller sette eit tal på verdiane.

– Vi kan seie at det er mindre verdiar som er stolne. Men tjuvane har vore rundt i huset og leita gjennom bustaden, mellom anna ved å undersøke fleire esker, seier Drange.

No åtvarar han folk i Førde om å vere forsiktige når dei forlèt heimane sine.

– Eg vil åtvare folk, sjølv om dei berre skal ut i kort tid, og be dei lukke vindauge og dører. Det ser dessverre ut til at det er nødvendig. Vi blir ikkje overraska om vi får fleire meldingar.

Har du tips i saka i Førde, som skjedde i området Slåttebøen/Middagsteigen ved Angedalsvegen, eller om anna mistenkeleg aktivitet i Førde, kan du ringje politiet på 02800.