NRK Meny

Frekk kaféokkupasjon

Rundt eitt hundre asiatiske turistar okkuperte søndag kaféen på Jølstraholmen med eigen mat og sitt eige mobile kjøkken.

Jølstraholmen
Foto: Ottar Starheim / NRK

Artikkelen er flere år gammel.

- Turistane tok til å lage mat og servere seg sjølve inne på kaféen, seier kafésjef Norodd Støfring.

- Okkuperte alle borda

Han trudde ikkje sine eigne auge då flokken av asiatiske turistar utan å kjøpe noko som helst starta matlaging inne på kaféen på Jølstraholmen på Vassenden i Jølster søndag.

- Dei okkuperte alle borda og rigga seg til med eige kjøkken bakerst lokalet og tok til å servere maten på eingongstallerkenar.

Ville ikkje forstå

Og då Støfring bad dei forlate lokalet møtte han lite forståing for det.

- Då ville dei ikkje forstå kva eg snakka om, sjølv om han som var leiar for reiseselskapet snakka svært godt engelsk.

Det heile starta då den engelsktalande guiden kom inn på kafeen og spurde om dei kunne få ete der.

- Og det sa eg jo ja til, men då visste eg ikkje at det var to fulle bussar med 90 til 100 personar som hadde med sin eigen mat.

- Ikkje opplevd frekkare framferd

Og storstila matlaging av gjester inne på kafeen var ei spesiell oppleving, seier kafésjefen.

- I starten vart eg litt heit, men eg må no sjå humoren i det. Eg har ikkje opplevd frekkare framferd det eg kan hugse. Men dei skjønte etter kvart at dei ikkje var velkomne, og då gjekk dei ut og heldt fram med serveringa utanfor kaféen på uteborda der mellom to regnbyer.

- Kva land kom dei frå?

- Anten India eller Pakistan, eg er litt usikker.

Navnestrid i Sunnfjord
2200 villrein i Nordfjell skal avlivast, men jegerane er ikkje nøgde. 
   
Dab-dekning i tunnelar