Hopp til innhold

Fredskorpstilsette: Sjokk og vantru

For dei 45 tilsette i Fredskorpset kom beskjeden som lyn frå klar himmel då dei i går fekk vite at det er planar om å flytte arbeidsplassen deira frå Oslo til Førde, Stavanger eller Trondheim.

Erik Thompson og Marianne Jorddal

– BELASTANDE MED UVISSE: Erik Thompson og Marianne Jorddal er tillitsvalde for tilsette i Fredskorpset.

Foto: Cathrine Ekehaug / Fredskorpset

Erik Thompson, som er tillitsvald for Samfunnsviterne i Fredskorpset, seier informasjonen vart møtt med sjokk og vantru.

– Det var ikkje på grunn av dei stadene som er aktuelle, men på grunn av sjølve flyttinga. Dei tilsette er den viktigaste ressursen til Fredskorpset. No går vi inn i ein periode med uvisse, og det er belastande for medlemmene våre.

Det var tysdag stortingsrepresentantane Sveinung Rotevatn og André Skjelstad frå Venstre hadde pressekonferanse i Førde og kunngjorde at Fredskorpset mest truleg blir flytta frå Oslo til Førde.

Redd for pulverisering

Ein time tidlegare hadde dei tilsette i Fredskorpset blitt informerte om at det skulle settast i verk ei utgreiing om ei eventuell flytting til anten Stavanger, Trondheim eller Førde.

Direktør Nita Kapoor var på reise i Malawi då ho fekk vite om planane. Sjølv kan ho ikkje bli med på eit eventuelt flyttelass fordi åremålet hennar snart går ut. Men ho er uroa på vegner at dei andre tilsette.

– I prinsippet er det prisverdig å prøve å styrke distrikta. Men ein ting er lokalisering av ny verksemd, noko anna er flytting av eksisterande verksemd. Dette har kostnader, både pengemessig, menneskeleg og miljømessig, og desse kostnadene må vi få opp på bordet.

Ho er redd for at mykje av kompetansen som finst i Fredskorpset kan gå tapt fordi mange av dei tilsette kanskje ikkje vil vere med på ei flytting ut av Oslo.

– Eg er mest oppteken av at vi ikkje pulveriserer eit slikt kompetansemiljø. Eg er veldig stolt av det arbeidet som blir gjort her. Fredskorpset har høg status internasjonalt, folk kjem frå andre land for å sjå korleis vi jobbar.

Nita Kapoor

REDD FOR Å MISTE KOMPETANSE: Direktør Nita Kapoor i Fredskorpset.

Foto: Fredskorpset

– Vi har familie

Marianne Jorddal, som er tillitsvald for Delta i Fredskorpset, seier det ikkje er berre enkelt for dei å bli med på eit eventuelt flyttelass.

– Vi har familie, dei fleste av oss har ein partnar som jobbar i Oslo. Det er ikkje berre å flytte og pendle.

For 15 år sidan vart Lotteritilsynet plassert i Førde. Direktør Atle Hamar i Lotteri- og Stiftelsestilsynet i Førde seier dei ikkje har hatt vanskar med å rekruttere fagfolk, og han meiner dei tilsette i Fredskorpset ikkje treng vere redde for å ikkje få arbeid til partnarane.

– Det er 12.000 arbeidsplassar i indre Sunnfjord, så slik sett er det alltid sjanse for jobb for ektefellar. Det veit vi når vi rekrutterer at ektefellar alltid finn seg jobb.