Hopp til innhold

Fredskorpset får nytt namn

Fredskorpset sende for 55 år sidan sine første troppar ut for å skape freda i verda. I dag opnar dei nytt kontor, får nytt namn og ny instruks å jobbe ut ifrå. Målet er framleis å skape fred i verda.

Norec/Fredskorpset Nikolai Astrup opning i Førde

NOREC: Utviklingsminister Nikolai Astrup (H) var med på avdukinga av det nye namnet då Fredskorpset opna kontora sine i Førde.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

Sidan 1963 har Fredskorpset jobba for eit tettare samarbeid mellom menneske og organisasjonar i ulike land. No får dei ein heilt ny start med hovudkontor i Førde, nytt namn og ny instruks.

Frå og med i dag skal Fredskorpset heite Norec – Norsk senter for utvekslingssamarbeid.

Fort eitt år sidan vart det klart at Regjeringa skulle flytte Fredskorpset frå Oslo til Førde.

I dag opna dei det nye kontoret i Førde. Med seg har dei berre ein tredjedel av dei tilsette. To tredjedelar er nytilsette eller skal tilsettast i løpet av vinteren.

Nye oppgåver

Saman med flyttinga får Fredskorpset, no Norec, nye oppgåver av utviklingsminister Nikolai Astrup. Norec skal vere eit kompetansesenter for utveksling. Der oppdraget tidlegare var meir visjonært skal det no spissast.

– Vi får eit større spelerom, men òg eit større krav til kva vi skal oppnå, seier direktør i Norec, Jan Olav Baarøy.

Norec vil bruke 55 år med erfaring frå Fredskorpset si historie til å byggje opp eit nasjonalt kompetansesenter for utveksling, nettverksbygging og utvikling av ungt leiarskap.

– Vi skal ta tak alt det som det offisielle Noreg skal gjere inn mot FN sine målsetjingar om berekraft, seier Baarøy.

Ordførar Olve Grotle fortel gladnyhende til politikarane frå den nye storkommunen.

MELDE FLYTTING: I juni 2017 kunne ordførar i Førde Olve Grotle (H) presentere planane til regjeringa om å flytte Fredskorpset til Førde. Planane fekk blanda mottaking av dei tilsette. Berre åtte av

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Fred i verda

Baarøy fortel engasjert om at det aldri før har det vore så lite krigar mellom statar som i vår tid. Den største utfordringa i dag er uro innanfor land. Han meiner Fredskorpset i den store samanheng har hatt ei lita, men viktig rolle i gjere verda til ein betre plass å bu i.

– No er det utveksling av personell, kompetanseoverføring og samarbeid som er poenget, fortel Baarøy om korleis det skal gjere Norec relevant i framtida.

Direktøren meiner Norec si rolle blir like viktig dei neste 55 åra som Fredskorpset si rolle har vore dei siste 55 åra.

Mykje nytt

På vel eit år har det vore store endringar i organisasjonen, men størst har prosessen med å flytte hovudkontoret frå Oslo til Førde vore. Baarøy trur ikkje dette vil gå utover arbeidet til organisasjonen.

– Det er mange nye ting, men det er ingen som er her no som ikkje vil vere med, seier Baarøy.

Ifølge Baarøy har arbeidet med nytt namn og ny instruks engasjert både gamle og nye tilsette. Likevel gler han seg til ting landar etter opninga og det daglege arbeidet kan ta fatt att.

– Vi vil alltid vere i ein prosess der vi må tenke nytt, det er noko av det arbeidet vårt handlar om.

Fredskorpset
Foto: Fredskorpset
Sjå arkivfoto frå Fredskorpset på 60-talet