Hopp til innhold

Sogndal-tap utan glød

Eit Sogndal-lag utan glød og entusiasme tapte kampen mot Fredrikstad og viktige poeng i botnstriden.

Harald Aabrekk og Isak Scheel går av bana etter tap mot Fredrikstad

SURT TAP: Harald Aabrekk og Isak Scheel deppa etter tapet av viktige poeng.

Foto: Arve Uglum / NRK

– Det går ikkje vår veg i dag og det handlar litt om at vi ikkje klarte å få opp den gløden og entusiasmen vi treng for å vinne fotballkampar, seier Sogndal-trenar Harald Aabrekk.

Sogndal spelte godt fram til Tarik Elyounoussi sendte Fredrikstad i føringa 19 minuttar ut i førsteomgang. Etter det såg Sogndal-spelarane ut til å vera sterkt prega av ekstraomgangane dei måtte spele i cupkampen mot Brann på onsdag.

– Det kan hende det er litt av forklaringa, men vi har jobba godt med restitusjon og skulle uansett fått om meir entusiasme i dag, seier Aabrekk.

KAMPREFERAT: Liveoppdatering Sogndal-FFK

– Kjende det i beina

Mats Solheim vedgjekk at han framleis kjende Brann-kampen i beina, men er likevel skuffa over den manglande gløden laget viste.


– Då vi fekk eit tidleg mål i mot Haugesund så tende det oss. Eg veit ikkje kvifor det ikkje skjedde i dag, seier han.

For Sogndal greidde aldri å stable på beina ein skikkeleg motoffensiv. I staden tok eit av laga dei konkurrerer mot i botnen alle poenga.

– Det er difor dette er så surt, for det er laga rundt oss vi må ta poeng frå. Det klarte vi ikkje i dag, seier Aabrekk.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sogndal - Fredrikstad
Foto: Steinar Lote / NRK

Lang skadeliste

Henrik Furebotn, Espen Ness Lund, Eivind Daniel Røed og Eirik Bakke var allereie på skadelista før denne kampen. No får dei selskap av Even Hovland og Ørjan Hopen som måtte ut i løpet av kampen.


– Vi hadde mange som måtte lære seg å spele eliteseriefotball i starten, og no er vi litt tilbake i den situasjonen igjen. Men vi har ikkje noko val, me må berre bruke dei vi har her, seier Aabrekk.

Hovland snart tilbake

Kaptein og samlingspunkt i forsvaret, Even Hovland, gjekk av bana litt før førsteomgang var over med ein skade i lysken. Etter kampen var han optimistisk med tanke på kor lenge han blir skada.

– Me får finna på noko lurt, så er eg nok klar att til Start-kampen neste helg, seier Hovland.

– Det er musikk i mine øyrer. Me treng Even no, seier Aabrekk.