Normal

Fredriksen-riggar i opplag skapar arbeidsplassar i Gulen

Arbeidslause oljeriggar og boreskip har skapt 20 arbeidsplassar i Gulen, og meir kan det bli.

Riggar i opplag skapar arbeidsplassar i Gulen

I OPPLAG: Oljeriggane «West Venture» og «Songa Trym» i Gulen.

Foto: PRIVAT

Sidan i fjor har verdas største boreskip «West Navigator» lege i opplag i Skipavika i Gulen. Skipet er eigd av John Fredriksen sitt selskap Seadrill.

Også riggane «West Venture» og «Songa Trym» har lege i opplag. Førstnemde er eigd av same selskap og sistnemde av Songa Offshore.

Nedgangen i oljenæringa har gjort skipet og riggane arbeidslause og dei står no i Skipavika i påvente av nye oppdrag.

Ringverknader

Men dårleg nytt for Fredriksen er godt nytt for lokalsamfunnet i Gulen. Skipet og riggane ved kai skapar mange arbeidsplassar i lokalmiljøet.

Riggar i opplag skapar arbeidsplassar i Gulen

STØRST: Verdas største boreskip, «West Navigator».

Foto: Privat

-Så langt har det skapt mellom 20 og 30 arbeidsplassar lokalt, i tillegg til dei som allereie er om bord, seier dagleg leiar Lars Hellandsjø i Skipavika Næringspark til NRK.

-Det er mykje arbeid knytt til det å sjå etter skipet og riggane. Det er jo store verdiar, held han fram.

Også Skipavika Næringspark tener gode pengar på å ha mangemilliardær John Fredriksen sine skip og riggar i opplag. Og i byrjinga av juli ventar Hellandsjø to Fredriksen-riggar til, mellom anna «West Alpha».

-Me får litt inntekter ut av dette. Men kor mykje vil eg ikkje seie sidan dette er børsnoterte selskap, seier Hellandsjø.

Blir liggande

«West Navigator», «West Venture» og «Songa Trym» skal ligge i Gulen på ubestemt tid og i påvente av nye oppdrag.

– Vi har bygd ut ei god hamn og vi har eit bra opplegg her. Mellom anna nyttar riggane landstraum, fortel Hellandsjø.

Ordførar Hallvard Oppedal (Sp) tykkjer det er fantastisk at sjølv om oljenæringa er nede i ein bylgjedal, så skapar den arbeidsplassar.

Hallvard Oppedal

NØGD: Ordførar Hallvard Oppedal er glad for at riggane skapar arbeidsplassar.

Foto: Gulen kommune

-Riggane i opplag skapar ringverknadar for lokale verksemder. Til dømes er det brukt mykje lokal skyssbåt til transport av materiell. Vedlikehald kjem lokale bedrifter til gode og oppdrag til lokale verksemder er gull verdt i desse tider. Riggane skapar ein del aktivitet hjå oss og i heile Mongstad-bassenget, seier ordføraren.

Vegopning på Bergum i Førde kommune