NRK Meny

Fredar vidaregåande skular

Arbeidarpartiet fredar dei vidaregåande skulane i fylket mot nedlegging. Det vedtok eit samrøystes fylkesårsmøte i helga. – Eg føler vi har fått eit godt og klart mandat frå fylkesårsmøtet, og det må vi halde oss til i vårt arbeid i fylkestinget. Vi meiner strukturen vi har per dags dato held seg også framover, seier leiar i opplæringsutvalet i fylket, Karianne Torvanger.