Fredar nedleggingstruga skular
Flekke skule og ungdomstrinnet ved Våge skule i Fjaler blir likevel ikkje lagt ned. Det er klart etter gårsdagens kommunestyremøte, skriv Firda. For to veker sidan røysta eit fleirtal i formannskapet for kutt i skulebudsjettet som i realiteten ville innebere kutt ved dei to skulane. Nedlegging av barnehagane i Guddal og Ytre Fjaler skal greiast ut, skriv avisa.