Hopp til innhold

Fredar fire vegar i fylket

Riksantikvaren fredar gamle og nye Strynefjellsvegen i Stryn og tre vegar i Lærdal.

Gamle Strynefjellsveg

Gamle Strynefjellsvegen

Foto: Rune Kjær Valberg / NRK

Ingeniørkunst i Vindhella i Borgund

Vindhellavegen i Lærdal

Foto: Aslaug Husum

– Vegane er eit utval anlegg frå ulike tidsperiodar og speglar ein viktig del av veghistoria. Vegane vert freda for å ivareta ein viktig del av den felles samferdslehistoria vår, seier riksantikvar Jørn Holme til Aftenposten .

40 vegar freda

Riksantikvaren fredar også nettet av kongevegar frå Seltunåsen til Filefjell og omkøyringsvegane i Lærdal.

Desse vegane er mellom 40 vegar i landet som Riksantikvaren no har freda. Også Stalheimskleiva mellom Voss og Gudvangen, og Geirangervegen på Sunnmøre er mellom dei freda vegane.

Fredinga vil ikkje få noko å seia for vedlikehaldet av vegane.

Her er grunngjevinga til Riksantikvaren for å freda vegane i fylket:

  • Strynefjellet, Skjåk og Stryn kommunar

Vegane utgjer eit vegmiljø som viser store skilnader i vegbyggingsteknikk, linjeføring og standard. Gamle Strynefjellsveg er ein av få strekningar på landsbasis som skal ha grusdekke også i fremtida. Vegen er eit godt bevara eksempel på veg frå slutten av 1800-talet med tørrmurar, hårnålsvingar og stabbesteinar. Den nye vegen frå 1978 viser ein vidareføring av den fyrste heilårsvegbygginga som byrja med høgfjellsvegen over Haukeli. Ny planlegging og nye byggemetodar vart tekne i bruk, og det er også sett opp rassikringstiltak som raskjegler ved sidan av vegen. Den nye Strynefjellsvegen var den fyrste som fekk Vegdirektørens Vakre veiers pris i 1988.

  • Borgund, Lærdal kommune

Vegane inngår i eit vegmiljø med fleire generasjonar vegar over Filefjell. Vindhellavegen frå 1843 er eit monument over ingeniørkunst og vegbyggingsteknikk. Vegen er bygd som chaussé, ligg høgt i terrenget og er bygd opp på store murar. Miljøet har stor autentisitet og opplevingsverdi og fortel også om turisthistorie, ettersom området er og har vore viktig for turistnæringa sidan 1800-talet.

  • Seltunåsen, Lærdal kommune

Vegane inngår i eit vegmiljø med fleire generasjonar vegar over Filefjell, og er eit framhald av vegane i Borgund. Vegen frå 1843 har gjennomgåande ein stigning på 1:5, er stadvis sprengd inn i fjellet og stadvis oppbygd i terrenget på høge murar. Miljøet har stor opplevingsverdi og er eit svært godt bevara eksempel på hovedvegar frå 1800-talet, som også viser utvikling og endringar.

  • Lærdal, Lærdal kommune

Omkøyringsvegar er ein kategori vegar som har hatt stor betydning for utviklinga av vegnettet og tettstadene på 1970- og 80-tallet. Omkøyringsvegen i Lærdal er eit godt eksempel på ein tidstypisk veg som tydeleg viser føremålet med desse vegane, som er å leia gjennomgangstrafikken utom tettstadene.