Hopp til innhold

Fredagsavisa kjem ikkje før måndag

I Sogn og Fjordane er det mange som no må ta til takke med daggamle og endå eldre aviser i postkassa, etter at Bergens Tidende og fleire av dei riksdekkande avisene har lagt om distribusjonen frå bod til post.

VIKTIG VERKTØY: Da Bergens Tidende avslørte omfattende og skjult bruk av glattceller i norske fengsler, var det nødvendig for dem å kunne lete i offentlige journaler.

GÅRSDAGENS AVIS: For mange abonnentar i Sogn og Fjordane er det slutt på å få BT i papirformat på dagen.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Kristine Schielderup frå Måløy er ei av dei som no får avisa dagen etter, og ho fortvilar over situasjonen.

– Eg har ei niese som meiner eg bør skaffe meg ein god printer slik at eg kan skrive ut E-avisa på papir sjølv. Men det ser ikkje eg som ein måte å gjere det på. Eg ser på dette som ei nedbygging av distrikta.

Kristine Schielderup

– NEDBYGGING AV DISTRIKTA: Kristine Schielderup.

Foto: privat

Ho har abonnert på Bergens Tidende i alle dei 20 åra ho har budd i Måløy. Det siste året har ho merka store endringar i tilbodet. Først forsvann søndagsavisa. Så opphøyrde leveringa av laurdagsavisa.

Og frå 1. juli la BT og andre aviser om distribusjonen sin, noko som fører til at Schielderup og mange andre av abonnentane i fylket får avisa si først dagen etter. Og grunna fråveret av levering laurdagar, kjem fredagsavisa no først måndag.

– Høge kostnader

Administrerande direktør Siv Juvik Tveitnes seier at Bergens Tidende som dei fleste andre mediehus er i ein pressa situasjon økonomisk og ser dette som naudsynt for å spare pengar.

– Dette er eit område der vi ikkje har opplagsvekst, opplaget fell sakte, men sikkert. Kombinasjonen med høge kostnader til distribusjon gjer at vi har valt å gjere dette.

Ho seier at dei har fått mange reaksjonar på omlegginga, og det Schielderup omtalar som dårleg kommunikasjon. Først ti dagar etter omlegginga fekk Schielderup eit brev med informasjon frå avisa.

– Der har det skjedd ein glipp frå vår side. Men vi har prøvd å gje dei det gjeld eit tilbod om redusert pris på abonnementet ei stund fram i tid. Eg må berre beklage på det sterkaste at det er ein del abonnentar som ikkje har fått god nok informasjon i forkant, seier Siv Juvik Tveitnes.

Siv Juvik Tveitnes

FORSTÅR FRUSTRASJONEN: Adm. dir. Siv Juvik Tveitnes i Bergens Tidende.

Alternativet er e-avis

Juvik Tveitnes forstår at det er frustrerande å få avisa så seint, og seier at dei tilbyr den elektroniske utgåva av avisa samstundes med at avisa går til trykkeriet.

Schielderup seier at ho har kome med forslag om at ho kan hente avisa sjølv i sin nærbutikk, som har BT i laussal, men ikkje fått gehør for dette foreløpig. Juvik Tveitnes ser ikkje bort ifrå at dette kan vere ei løysing.

– Vi har to ulike system for det, men dersom det kan vere ei løysing for enkelte må vi sjå nærare på det.

Enn så lenge har Schielderup ikkje vurdert å seie opp abonnementet, trass i den seine leveringa.

– Aviser og journalistikk er ein grunnpilar i demokratiet vårt. Utan aviser og journalistikk har vi ikkje demokrati. Eg er på Facebook dagleg, og eg elskar Facebook, men det er ikkje ein stad for nyheiter.