Hopp til innhold

Hadde ikkje nok plass i sin eigen hage - skaffa seg like godt ein lånehage

For Fred Arild Grøneng er det stauder for alle pengane. Hagen hans rett ved skulen i Florø vart for liten, så han fekk seg lånehage.


For Fred Arild Grøneng så er det stauder for alle penga. Han har ein liten kolonihage rett ved skulen i Florø.
Men han har og ein lånehage rett ved sida av.
Etterkvart såg han at skuleområdet ved sida av hans eigen hage burde få seg eit finare grøntareal i tillegg til at han kunne få plass til fleire stauder. Men det er mykje som kan skje på eit skuleområde.

SJÅ VIDEO: Fred Arild Grøneng viser fram hagen sin i programmet Grønn Glede på NRK1. Her får du ein smakebit.

Fred Arild Grøneng er ein staudesamlar og mest oppteken av å få mange ulike slag. Etterkvart såg han at skuleområdet ved sida av hans eigen hage burde få seg eit finare grøntareal i tillegg til at han kunne få plass til fleire stauder.

Men det er mykje som kan skje på eit skuleområde.

– Dette er ein lånehage som eg har fått låne av skulen og av kommunen.
Eg kjem jo stadig over ei plante som eg har lyst til å ha i hagen, og så er det jo avgrensa plass i den som eg eig, så difor låner eg denne, seier Grøneng.

(Artikkelen held fram under biletet)

Oransje blomster

Ein kan finne mykje ulike artar i hagen til Fred Arild

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Mangfoldet gav plassmangel

Det seier Fred Arild medan han set set nok ein staude i jorda. Det er ein valmue som han bytta til seg på plante-loppemarkedet.

– Det er jo til glede for både dei som går forbi og dei som høyrer til skulen.
No tenkjer eg det at den skal greie seg godt, seier han og set valmuen fint på plass i lånehagen sin.

Fred Arild vart nabo med skulen her i Florø i 1990. Det blir fort plassmangel når det er plantemangfoldet ein er mest oppteken av.

Planter med viltert sexliv...

Akeleie

Akeleier har eit ganske viltert sxliv, meiner Fred Arild.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK
Fred Arild Grøneng

Fred Arild Grøneng går alltid med denne hatten i hagen.

Foto: Heid Lise Bakke / NRK
Anna Emma Ive

Anna, Emma og Ive leikar ofte i lånehagen

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Etterkvart som ein byrjar å samle på planter, så ser ein at ein må jo ha den og den også, smiler Grøneng.

Han held fram:

– Til dømes har akeleiene eit ganske viltert sexliv, så dei sår seg og kryssar seg på alle moglege måtar. Det blir ofte veldig vakre avkom.

Dei får då sine etterkommarar med litt ulike fargar og halvfylte og fylte, og det må få lov til å kome til sin rett i hagen.

Den vesle hageflekken rundt huset er også full av stauder. Men det er mest storvokste stauder, slik som Veronika som trivst best her på grunn av den gode, djupe jorda.

Kona lukar mest

Grøneng har hjelp med ugraset, og det er nok kona som lukar mest...

– Eg likar at det skal være litt ryddig.
Ein må tole litt ugras, berre det ikkje tek overhand. Eg har jo på ein måte eit forhold til absolutt alle plantene. Stort sett har eg oversikt inni hovudet mitt kor plantene er. Eg ser på hagen min som eit lappeteppe og frimerkesamling, og der er jo fargane om kvarandre. seier han.

Han er litt mindre opptatt av at plantene skal vere så vakre for at han skal ha dei i hagen. Det er nok samlarånden som har teke overhånd.

Han plantar ting til oss

Anna Svardal Melvær, Emma Andrea Nordal Skavøy og Ive Alise F. Lundberg og leikar ofte i lånehagen til Fred Arild.

–Eg synest det er veldig bra at han plantar ting til oss. For då blir alle på skolen veldig glade, seier Emma Andrea smilande.

Veninnene plukkar ivrig blomster i hagen.

– Mi erfaring er at her har vore veldig lite som har vorte ødelagt. Eg kan finne litt blomsterlapskaus på trappa når eg kjem heim, men det har ikkje vore verre enn at eg toler det. Eg har ikkje vore utsett for nokon vandalisme her, så det har vore eit godt naboskap med skulen, seier Grøneng alvorleg.

Fred Arild og Fyrnattlys

Fyrnattlys er ein av favorittane

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Sjå Grønn Glede i nett-TV