Hopp til innhold

Fråværet i skulen har gått kraftig ned

Fråværet i dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane har gått kraftig ned. Dagsfråværet har gått ned frå fire til tre dagar, medane timefråværet har gått ned ti til sju timar.

Frida Melvær

GLAD: Stortingsrepresentant Frida Melvær (H) meiner regjeringa har lukkast med å få ned det høge fråværet i den vidaregåande skulen.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

Tala syner liten tvil om att fråværsgrensa har fungert slik den var tenkt. Fråværet stuper over heile landet og grensa har vore særleg bra for dei elevane som tidlegare har hatt høgt fråvær, seier stortingsrepresentant Frida Melvær (H) i ei pressemelding.

– Mange var uroa for korleis grensa ville slå ut for dei mest utsette elevane. Dei endelege tala viser at ho har fungert bra også for elevar med høgt fråvær. Utsette elevar blir fanga opp tidlegare og får betre oppfølging og hjelp frå skulen, held ho fram.

Rektorane er likevel uroa

Sjølv om fråværet er gått ned, er fleire rektorar likevel uroa. Dei fryktar for at utsette elevar likevel vil fell ut av skulen, på grunn av manglande karakterar. Det konkluderer forskingsstiftelsen FAFO med i den første evalueringa av den nye fråværsgrensa. Og over tre av ti rektorar melder også om at lærarane praktiserer fråværsgrensa ulikt.

– Det er ikkje bra viss regelen vert handtert ulikt. Vi må ha eit mest mogeleg rettferdig system over heile landet. Når det gjeld talet på elevar som sluttar, så håpar eg regelen vil vere eit viktig verktøy for å få sett og hjelpt desse elevane tidleg, seier Melvær til NRK.

Kunnskapsministeren er ikkje uroa

Kunnskapsminister Henrik Asheim deler heller ikkje uroa for at dei svakaste elevane vil falle ut av skulen på grunn av fråværsregelen. Han meiner dei heller bør følgjast betre opp, og at denne uroa ikkje er argument for å fjerne fråværsgrensa.

– Vi vil ikkje vurdere å fjerne denne grensa for ikkje grunngjeve fråvære, og eg trur ikkje grensa vil verte auka sjølv om den vert kritisert, seier han.