Hopp til innhold

«Ikkje vår oppgåve å berge Kystmuseet»

Flora-rådmann Terje Heggheim vil ikkje rå politikarane til bli med på bergingsaksjonen for Kystmuseet.

Rådmann Terje Heggheim, ordførar Bengt Solheim-Olsen (H) og formannskapsmedlem Gustav Johan Nydal

NEI: Rådmann Terje Heggheim (t.v.) oppmodar ordførar Bengt Solheim-Olsen (H) og resten av politikarane til å seie nei til søknaden frå Musea i Sogn og Fjordane.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Bygningane treng vedlikehald for 13,5 millionar kroner, og Musea i Sogn og Fjordane har bede vertskommunen Flora medverke med 5,4 millionar kroner.

Overfor Firdaposten kallar rådmann Terje Heggheim det for ei prinsippsak når han no vil seie nei til søknaden.

– At stoda er som den er på Kystmuseet meiner eg speglar at Musea i Sogn og Fjordane ikkje har valt å prioritere løpande vedlikehald. Det må dei ta ansvar for og rydde opp i, seier Heggheim.

Åtvara for to år sidan

Kystmuseet i Flora

ROTNAR: Kystmuseet i Flora er i dårleg forfatning.

Foto: Steinar Lote / NRK

Allereie for to år sidan åtvara konservator Berit Høyvik mot forfallet ved Kystmuseet. Det skjedde samstundes som ein var godt i gang med å realisere nytt museumsbygg i Førde.

– Det er vel kjekkare å opne nybygg enn å halde ved like alt som finst, sa ho og meinte kystmuseet var i ferd med å rotne på rot. To år seinare er altså ikkje situasjonen betre.

– Problema blir meir og meir synlege og er i ferd med å svekke begge bygningane, sa Høyvik for få dagar sidan til Firdaposten.

Uroa for museet

No har altså rådmannen i kystkommunen levert si saksinnstilling, med negativt svar til Musea i Sogn og Fjordane.

Overfor avisa vedgår han at han er uroleg på vegner av Kystmuseet.

– Ja, det skal eg ikkje leggje skjul på. Eg veit korleis den økonomiske situasjonen er, og eg ser kva utfordringar det kan by på framover. Eigarane må etter mitt syn no på bana og avklare både rammevilkår og korleis ein organiserer seg vidare, seier Heggheim.