Hopp til innhold

Frårår paintball i krigsminne

– Det er synd dersom ikkje ein kan satse paintball i Fjaler, seier Pål Helsing som driv paintball-bane i Bergen.

Lammetun fort

LAMMETUN FORT: Her vil grunneigaen utvide paintballtilbodet sitt.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Det er grunneigaren på Lammetun som ønskjer å opne for innandørs paintballkampar inne i ein tunnel på det gamle kystfortet.

Men fylkeskommunen i Sogn og Fjordane tilrår at Fjaler kommune seier nei til å la Lammetun Ferie- og Fritid utvide paintballtilbodet sitt.

– Tek fatt i Playstation-generasjonen

Pål Helsing seier paintball aktiviserer ungdom som ikkje er interesserte i sport.

– Det er ein inkluderande og nymoderne aktivitet. Ein tek litt fatt i det som vert kalla Playstation-generasjonen i dag. Det er dei som sit på rommet og foreldra har problem med å få dei ut.

Meiner det er upassande

Men fylkeskommunen meiner at krigsleik, eller paintball, er ein upassande aktivitet i eit slikt kulturminne. Lammetun Kystfort, der paintballbana er tenkt at skal liggje, er eit offentleg regulert kulturminne.

– Heile området på Lammetun er regulert, og ein del av dette er regulert til spesialområde og kulturminnevern. Det er bygd opp under siste krig, og det er bygd opp av krigsfangar, seier rådgjevar i Sogn og Fjordane Fylkeskommune, Knut Åland.

Kulturleiar Ingeborg Opdøl Tysnes seier at ho forstår både dei som har negative kjensler om dette og dei som tykkjer det er positivt med ein slik aktivtet.

Om Fjaler kommune seier ja eller nei til å utvide paintballtilbodet, er enno ikkje klart.

– Må tenkje på ungdommen

Pål Helsing seier han håpar kommunen tenkjer på ungdommen.

– Det er ein type sport som alle kan vere med på, uansett kva form ein er i. Alle kan bli med og ha det gøy saman.