Vart åtvara mot landets tredje største handelspark

Politikarane i Førde vart torsdag kveld åtvara mot å etablere ein gigantisk handelspark utanfor sentrum av handelsbyen.

Arkitekt Arild Waage om Brulandsvellene

HAR PLASS: Arkitekt Arild Waage meiner Førde sentrum har areal nok til å behalde handelsstanden i Sentrum.

Foto: Per Kristian Grimeland / NRK

Grunneigarane i Førde oppmodar politikarane på det sterkaste å satse på fortetting av Førde sentrum framfor den 72.000 kvadratmeter store handelsparken på Brulandsvellene .

Og dei får langt på veg støtte frå Jan Willy Føreland, som har erfaring frå planarbeid i større byar, som Kongsberg og Kristiansand.

– Skilnaden mellom ein nisjebutikk og storhandel, er at storhandel har pengar, sa han og åtvara mot ei etablering utfor sentrum som kan komme til å utarme nisjebutikkane som blir att.

Fryktar utarming

Det er nemleg erfaringane frå tilsvarande etableringar andre stader i landet. Og i Førde er det allereie i dag mange tomme butikklokale i Sentrum Sør.

Johan Magerøy, som representerer grunneigarane, fryktar det blir fleire tomme butikklokale om handelsparken blir realisert.

(Artikkelen held fram under biletet)

Skisse over planane på Brulandsvellene i Førde

PLANANE: Brulandsvellene blir Norges tredje største handelssenter målt i areal om det blir realisert. Berre Sørlandssenteret i Kristiansand og Kvadrat i Sandnes vil med sine høvesvis 110.000 og 89.000 kvadratmeter vere større.

Foto: Asplan Viak, skisse

Han trur heller ikkje at leigetakarane på Handelshusa i sentrum er sterke nok til å tole kvar ein konkurranse.

– Ein heil del av handelen i sentrum er vanskeleg nok i seg sjølv, og når du då får konkurranse frå ei ny stor etablering på Brulandsvellene, så kan det bli utfordrande for ein del av butikkane i sentrum, seier han.

Bestemmer seg i år

Det var grunneigarane som inviterte politikarane til møtet torsdag kveld. Seinare i år skal politikarane bestemme seg for om dei går inn for ei utviding av handelsparken eller ikkje.

Ordførar Olve Grotle (H) i Førde.

LYTTA: Ordførar Olve Grotle (H).

Foto: Per Kristian Grimeland / NRK

Ordførar Olve Grotle (H) tykte det var eit gjevande møte både med grunneigarar og nye synspunkt.

– No er situasjonen slik at det er sett i gang eit breitt og stort utgreiingsarbeid for å finne svar på dette med kva som skjer om det blir ei utviding av handelsparken på Brulandsvellene og ikkje minst kva som skjer dersom vi seier nei til denne utviklinga, seier Grotle.

– Førde er ikkje som Ålesund

– Det eg tykte vart teke opp som eit interessant perspektiv var Moa utanfor Ålesund. Det vart sagt at desse butikkane ikkje ville fått plass om ein lokaliserte dei i sentrum av Ålesund, held han fram.

Dette vil ikkje arkitekt Arild Wåge ta til fordel for etablering av parken. For i motsetnad til Ålesund, meiner han Førde har nok areal til å huse butikkane i sentrum.

– Det vi prøver å få fram er at Førde er ein relativt sårbar småby i Norge, under det kritiske nivået der byen klarer å trekkje til seg verksemder, nye folk og ny energi fordi ein er stor nok og samansett nok, seier han.

– Må kanalisere mot sentrum

– Difor bør det vere slik her at for å få vekst på rette plassen, så må ein prøve å få kanalisert den type verksemder inn mot sentrum, held Waage fram.

– Det vi då står overfor er at ein del av dei som vil etablere seg på Brulandsvellene driv ein type konsept som ein meiner ikkje eignar seg i sentrum. Så her er mange forhold, det er mange spørsmål å ta stilling til, avsluttar Grotle.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.