Hopp til innhold

Fransk interesse for felgfabrikk

Franske ingeniørar på synfaring i Høyanger.

Den siste støypte felgen ved Fundo i Høyanger

SISTE FELG: Kan det bli nytt liv på felgfabrikken i Høyanger?

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Eit fransk selskap er i dag på synfaring på felgfabrikken Fundo Wheels i Høyanger.

Etter det NRK kjenner til er det ingeniørar frå det franske selskapet Saint Jean Industries som i dag skal sjå på anlegget.

Selskapet har tidlegare inngått ein intensjonsavtale med Høyanger kommune om å drive med felgproduksjon i Høyanger.

Om lag 300 personar miste jobben då Fundo Wheels gjekk konkurs i februar.

Verken Innovasjon Norge eller Høyanger-ordførar, Kjartan Longva vil kommentere saka.