Hopp til innhold

Frank Willy Djuvik tar avstand frå uttalane til John Kåre Larsen

Førstekandidat for Frp til fylkestinget, Frank Willy Djuvik tar i dag avstand frå Facebook-utspela til Frp-politikar John Kåre Larsen om flyktningar.

Frank Willy Djuvik og John Kåre Larsen

TAR AVSTAND FRÅ UTTALAR: Førstekandidat for Frp, Frank Willy Djuvik likar ikkje uttalane partikollega John Kåre Larsen har kome med om flyktningar.

Foto: Geir Bjarte Hjetland/ Finn J Hugøy / NRK

På Facebook har Larsen blant anna samanlikna menneske på flukt med ein innvasjonshær.

– Eg syns ikkje det er greitt at ein omtalar menneske på flukt på den måten i det heile, seier Frank Willy Djuvik.

Dei siste dagane har varaordføraren i Solund publisert statusar på Facebook der han:

  • John Kåre Larsen utspel om flyktningar og restaurant
    Foto: Skjermdump/Facebook
    Samanliknar menneske på flukt med ein invasjonshær
  • Er misnøgd med at restaurantar i Oslo vil gi gratis mat til flyktningar, mellom anna er han uroa for at det kan føre til dyrare prisar for andre gjester.
  • Meiner folk som opnar heimane sine for flyktningar sjølve treng hjelp.

John Kåre Larsen seier til NRK at han ikkje ønskjer å kommentere utspela sine på Facebook.

– Må ta i mot flyktingar med respekt

I partiutspørjinga til NRK Sogn og Fjordanetorsdag ettermiddag, sa Djuvik at menneske på flukt må møtast med respekt.

– Dei skal bli tatt i mot på ein god måte og dei som hjelper flyktingar som kjem til Norge er kvardagsheltar. Det er kjempebra at dei stiller opp. Dei skal ikkje få denne typen karakteristikkar.

– Då eg tok opp dette med deg før partiutspørjinga, før ein del av desse uttalane kom, då argumenterte du med hans rett til å ytre seg, Har han ikkje rett til å ytre seg slik?

– Jo, for all del, John Kåre Larsen må få ytre seg på den måten han vil. Men eg treng ikkje nødvendigvis dele hans syn, seier Djuvik.