Hopp til innhold

Unge talent får lære skodespel av kjendis

Torsdag og fredag vitja skodespelaren Frank Kjosås Firda vidaregåande skule på Sandane. Kjosås er mest kjend frå NRK-serien «Halvbroren», og skal halde foredrag og undervise elevane ved dramalinja.

Frank Kjosås

TO DAGAR MED LÆRING: Frank Kjosås vitjar dramalinja på Firda vidaregåande skule denne veka. Der skal elevane få jobbe tett saman med den kjende skodespelaren.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

–Det er spennande og skremmande, men også veldig gøy. Det er litt skummelt ettersom han er så flink, og har så mykje erfaring, seier Solveig Håland frå Firda vidaregåande skule

Saman med resten av elevane på dramalinja har ho denne veka hatt moglegheit til å lære av den kjende skodespelaren Frank Kjosås.

Foredrag og workshop

Kjosås som til vanleg arbeider ved «Det Norske Teatret» i Oslo, er for tida i permisjon for å spele inn NRK si nye storsatsing "Kampen om tungtvatnet". Til stor glede for elevane, tok han denne veka turen til Firda vidaregåande skule. Der skal Kjosås undervise elevane i ein workshop. Deretter skal elevane framføre monologar som til slutt skal ende i ei framsyning.

Eirhild Lovise Bruvoll Alme og Solveig Håland

ELEVAR: Frå høgre Eirhild Lovise Bruvoll Alme og Solveig Håland er elevar på dramalinja på Firda.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Elevane Solveig Håland og Eirhild Lovise Bruvoll Alme både gledde og grudde seg til framføringa. Ekstra nervepirrande var det å framføre monologane sine framfor Kjosås.

– Eg er spent. Vi har arbeida med desse monologane i nokre veker no, så vi har øvd ganske mykje på det, seier Alme.

Jentene tykkjer det er inspirerande at Kjosås har tatt turen til Sandane for å undervise dei.

–Berre etter foredraget fekk eg meir lyst til å gå vidare med teater. Og no har eg fått eit betre innblikk i korleis det er å jobbe som skodespelar, seier Alme

–Ja! Og så viser han kor hardt ein må jobbe for å nå fram, ein må verkeleg jobbe for det dersom ein vil nå fram. Eg gler meg til å høyre kva meir han har å fortelje, seier Håland

Viktig å vise fordelar og ulemper

Kjosås sjølv tykkjer det er kjekt å kunne undervisene elevane ved dramalinja. Han seier det er essensielt å vise elevane både dei positive og negative sidene ved skodespelaryrket. Ifølgje han er det sentralt at elevane ser at det også er viktig med utdanning innanfor eit slik yrke.

Frank Kjosås foreleser

FOREDRAG: Kjosås held foredraget 'Vegen til skodespelaryrket' til elevane ved dramalinja.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

–Eg ynskjer å få gode kollegaer i framtida, og det å få moglegheit til å jobbe med dei som enno er upolerte er spennande. Ein kan finne mange diamantar på den måten. Då blir det viktig å kunne inspirere dei unge skodespelarane, seier Kjosås

Han tykkje også det er relevant å vise det harde arbeidet som ligg bak det å vere skodespelar, ikkje berre den positive sida av det.

–No kan dei få eit lite innblikk i korleis eg arbeider til dagleg, og korleis livet faktisk er, seier skodespelaren.

Også han hadde nokon som inspirerte han i ein tidleg alder.

–Den største inspirasjonen min var faktisk norsklærarinna mi. Ho sa til meg at eg skulle bli skodespelar. Eg skjønte ikkje kva ho meinte før seinare i livet. Men ho hadde rett, ho såg tydelegvis noko eg ikkje såg, seier Kjosås.

Så er det tid for framføring

Spenninga ligg i lufta i øvingssalen på Firda vidaregåande skule. Det er stille i rommet og elevane førebur seg. Det er klart for framføring. Etter monologane hadde Kjosås ei klar tilbakemelding til elevane.

Frank Kjosås

FRAMFØRING: Frank Kjosås følgjer nøye med under framføringa.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

–Dette var veldig bra. Men dykk må følge impulsane dykkar meir. La ting komme naturleg, aldri gjer det same i dag som du gjorde i går. Men det er ikkje mykje å ta dykk på, eg blir veldig optimistisk når eg ser dette.

Positive tilbakemeldingar

Etter framføringa kunne Håland og Alme puste letta ut. Det gjekk bra denne gongen også.

–Det var gøy å få vise det fram til nokon som kjem utanfrå og aldri har sett det før. Han har kanskje eit anna syn på det enn dei andre elevane og lærarane som vi har jobba saman med seier Helland

Alme var einig. Ho trudde det skulle bli meir nervepirrande, og var fornøgd med tilbakemeldingane.

–Det var kjekt å få så mykje ros. Og veldig gøy å få gode konstruktive tilbakemeldingar. No får eg endå meir lyst til å bli skodespelar. Eg føler eg har fått eit betre innblikk i yrket, noko som gjer at eg føler meg meir førebudd, seier Håland

Elevar frå dramalinja på Firda videregående skule framfører monologar fot Frank Kjosås.

FRAMFØRING: Her framfører nokre av Firda elevane monologane sine. Foto: Erlend Blaalid Oldeide