Hopp til innhold
Kart Sogn og Fjordane
Foto: Kart: Statens kartverk

Framtidas kommunar

Oppsummert

Fleire kommunar har no bestemt kva alternativ dei vil sjå nærare på når det gjeld eventuelle storkommunar i framtida.

  • Vil ha med både Førde og Florø

    Naustdal kommune vil helst ha med både Førde og Florø i ein framtidig storkommune. Det seier ordførar Håkon Myrvang. Han meiner det vil vere det beste for regionen. Torsdag bestemte kommunestyret seg for å greie fire ulike alternativ for storkommunar.

  • Ser og på det største alternativet

    Førde kommune vil gå vidare med alternativet med ein storkommune i regionen, der ni kommunar er med. Det seier ordførar Olve Grotle etter kommunestyremøtet torsdag. Grotle seier dei og vil greie ut det dei to alternativa for SIS-kommunane, det vil seie Sunnfjord-alternativ med og utan Florø.

  • Greier ut tre alternativ

    Eit samrøystes kommunestyret i Gaular bestemte seg torsdag for å greie ut tre alternativ for framtidig kommunestruktur. Dei vil dermed greie ut storkommune der Askvoll, Hyllestad, Fjaler og Gloppen også er med i tillegg til SIS-kommunane Førde, Jølster, Gaular, Naustdal og Flora er med. Ordførar Mathias Råheim (H) seier dei også vil greie ut to Sunnfjord-alternativ, med og utan Flora.