Dei utviklar framtidas aluminiumsfabrikk

ÅRDAL (NRK): Det blir kalla den største industrisatsinga i fastlands-Norge på fleire tiår. Når Hydro investerer 3,9 milliardar kroner på Karmøy, skjer det med ny, meir miljøvennleg teknologi som i det stille er utvikla i Årdal.

Det blir kalla den største industrisatsinga i fastlands-Norge på fleire tiår. Når Hydro investerer 3,9 milliardar kroner på Karmøy, skjer det med ny, meir miljøvennleg teknologi som i det stille er utvikla i Årdal.

SJÅ TV-REPORTASJE: Slik utviklar dei framtidas aluminiumsteknologi i Årdal.

Johannes Aalbu

HAR BRUKT 10 ÅR: Forksingsdirektør Johannes Aalbu og kollegaene ved Teknologisenter Årdal har i det stille jobba med teknologien bak milliardutbygginga på Karmøy.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Her står prototypane til det som blir det nye pilotanlegget på Karmøy, seier ein tydeleg stolt forskingsleiar i Hydro, Johannes Aalbu.

Han har tatt NRK med inn i det som er Hydro Aluminium sin testhall i Øvre Årdal. Til saman 14 omnar, eller celler som fagfolka kallar det, står på rekke inne i det gamle omnshuset. Seks av dei er i full skala. Bak metalldeksla kokar flytande metall. Aluminium som held ca. 900 grader.

– Dette er draumen til ingeniørane. Å sjå at det blir røyndom ut av djupe tankar. Kanskje særleg for forskarane som har gjort ein akademisk studie, og så får dei sjå at utrekningane deira byrjar å verke i praksis. Dei får sjå at det blir bygd og stig opp av jorda, smiler Aalbu nøgd.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Hydro prototype-omnar

DEI NYE OMNANE: 60 slike omnar skal byggast på Karmøy, etter vellykka testing i Årdal.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Statsminister-skryt

11. februar slapp Hydro nyheita om at konsernet, med god støtte frå statlege Enova, satsar 3,9 milliardar kroner på ein ny fabrikk på Karmøy. Ein elektrolysehall med 60 omnar av typen som er utvikla og testa i Årdal skal stå klar i 2017.

Erna Solberg

ROSA MILJØET I ÅRDAL: Statsminister Erna Solberg gir teknologisenteret i Årdal mykje av ære for Karmøy-utbygginga.

Foto: Carina Johansen / NTB Scanpix

Det fekk statsminister Erna Solberg til å ta fram honnørord i Stortinget sin spørjetime:

«Eg høyrer at mange Rogaland-representantar er veldig fornøgde i dag. Eg synest de skal dele æra litt med Sogn og Fjordane. Teknologien er trass alt utvikla i Årdal av eit fantastisk flott forskingsmiljø.»

«Målet er å komme ned i 10 kWh per tonn aluminium. Med Karmøy-prosjektet skal vi klare å komme ned på 11,8. Det er ein verdssensasjon.»

Johannes Aalbu, forskingsdirektør

(Artikkelen held fram under biletet.)

Flytande aluminium

LETTMETALL: Etterspurnaden etter aluminium aukar på verdsbasis. Her er ein operatør i ferd med å ta ein prøve lab-prøve frå ein av testomnane i Årdal.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Meir aluminium - mindre straum

70 ingeniørar, 50 av dei med base i Årdal, står bak det Hydro meiner skal sikre framtida for den kraftkrevjande aluminiumsindustrien i Norge. Nøkkelen er nye meir energieffektive omnar som skal få meir aluminium ut av kvar kilowatt straum.

– I full skala vil den nye teknologien spare straum tilsvarande 25.000 bustader, i høve til eit anlegg med gammal teknologi, forklarer Asgeir Bardal, leiar for Hall 4-prosjektet på Karmøy.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Videokonferanse, Teknologisenter Årdal

MED VERDA SOM ARBEIDSPLASS: Tilsette ved teknologisenteret i Årdal i videokonferanse med kollegaer i Tyskland og Kanada.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Det store målet

Med tilhald inne på Årdal Metallverk har Bardal og kollegaene ved Hydro sitt teknologisenter i det stille jobba i ti år med prosjektet.

– Vi folk frå alle ingeniørdisiplinar. Alle må jobbe saman for at ein skal kunne designe avanserte elektrolyseceller. Det handlar om å forbetre kvar enkelt del i omnscella. Mykje av cluet er å ha gode datamodellar som kan gjere riktige utrekningar, seier Bardal.

Datamodell, Hydro Teknologisenter Årdal

UTFORMING ER AVGJERANDE: Bruk av 3D-modellar er essensielt i utviklinga av omnsteknologi. Mykje av arbeidet skjer på data.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Det trengst mykje straum for å gjere råstoffet til aluminium, aluminiumsoksid i pulverform, om til flytande metall gjennom elektrolyse – ein kjemisk prosess driven av likestraum. Mens dei første aluminiumsverka for hundre år sidan trong 25 kWh straum for å produsere eitt tonn aluminium, ligg snittet i dag på 13 kWh.

– Målet er å komme ned i 10 kWh per tonn aluminium. Med Karmøy-prosjektet skal vi klare å komme ned på 11,8. Det er ein verdssensasjon, seier Aalbu.

(Artikkelen held fram under biletet.)

møte, Hydro teknologisenter Årdal

NESTE STEG: Ingeniørane ved teknologisenteret er alt i gang med idedrodlinga til neste generasjons elektrolyseomnar. Karmøy-prosjektet er alt eit tilbakelagt stadium.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Prosjekt frå Høyanger til Qatar

Forskingsdirektøren har bak seg 32 år for Hydro i Årdal. Det har blitt mange prosjekt.

– Her har prototypane til dei store anlegga vi har bygd rundt i verda stått. Her har prototypane til Høyanger stått. Her stod prototypane til prosjekt i Slovakia, Venezuela, Sunndal og Qatar.

Ute i hallen tek eigne operatørar seg av drifta av anlegget 24/7, men grunnlaget blir lagt i tett samarbeid med folka framfor PC-ane og i møteromma, i eit kontorbygg like ved.

Hydro Teknologisenter Årdal

ANONYMT: Eit lite skilt er alt som fortel om at dette er Hydro-konsernet sin utviklingsavdeling.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Eit lite skilt med «Teknologisenter Årdal» på døra til tredje fortel oss at vi har forlate Årdal metallverk sitt administrasjon og er på veg inn i det aller heilagaste.

– Vi kallar det teknologisenter, fordi vi vil skilje det litt frå forsking. Forsking gjer vi på universiteta saman med forskarane der. Her i Årdal handlar det om å gjere dette om til praksis.Vi skal gjere kompetansen om til pengar, erklærer forskingssjefen på veg innover korridorane.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Johannes Aalbu med flaggtavla til teknologisenteret

INTERNASJONALT: 15 nasjonar er representerte i staben ved teknologisenteret.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

(Artikkelen held fram under biletet.)

– Trur ikkje folk veit om oss

I eit møterom sitt fire personar og snakkar engelsk. På ein storskjerm sit dei tre andre møtedeltakarane. Éin i Kanada, to i Tyskland.

– Dette videomøtet diskuterer neste generasjons elektrolyseteknologi, forklarer Aalbu før han tek oss med inn på eit kontor lenger borte i korridoren.

Steinar Kolås

KOM HEIM: Steinar Kolås er ein av 50 ingeniørar ved Hydro sitt teknologisenter i Årdal. Han trur dei færraste veit om kva dei held på med.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Eg trur ikkje folk flest veit kva vi held på med, seier mannen på kontoret: Overingeniør Steinar Kolås, heimflytt årdøl med ein doktorgrad i kybernetikk.

Frå sitt vesle avlukke har han fått i oppdrag å designe og utvikle ei lita datamaskin til dei nye Karmøy-omnane.

– Det er kjempeinspirerande. Det er artig å vere ein del av eit miljø som står for ei slik teknologiutvikling, seier Kolås.

Som nordmann representerer han éin av femten nasjonar på kontoret i Årdal. Ei tavle på korridoren fortel om skandinavar, og tyskarar, så vel som Somalia og New Zealand.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Datalab, Teknologisenter Årdal

UTVIKLAR DATASYSTEM: På datalaboratoriumet til teknologisenter har om lag 3000 datamaskiner og styringseiningar til Hydro-verka sett dagens lys.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

«Vår jobb er å heile tida ligge 10 år framfor det de veit om. Vi har mange nye ting på teiknebrettet, og store forskingsoppgåver.»

Johannes Aalbu, forskingsdirektør

Nye mål

På eit møterom vis á vis går snakkar alle norsk nett no. Sju personar har workshop. Karmøy er alt gammalt nytt for dei. Slik må det vere, meiner Aalbu.

– Vår jobb er å heile tida ligge 10 år framfor det de veit om. Vi har mange nye ting på teiknebrettet, og store forskingsoppgåver. Vår sjef i Hydro, Svein Richard Brandtzæg har utfordra oss på at det vi har gjort på Karmøy ikkje godt nok. No må vi gå vidare og setje oss nye mål.

Han tek oss med inn bak ei ny dør. Tre karar har flokka seg rundt det som ser ut som ei uferdig datamaskin mens dei diskuterer ivrig. Dette er teknologisenteret sin datalab. Rundt 3000 maskiner og styringseiningar har dei levert til Hydro-systemet. Her kan dei i teorien kople seg opp og ta styringa over alle Hydro sine metallverk rundt om i verda.

– Her i Årdal står vi eigentleg med ryggen mot Norge. Vi viser ikkje att så godt i Norge. Vi har heile verda som arbeidsfelt, seinast i Qatar der Hydro bygde eit anlegg til 30 milliardar kroner med teknologi frå Årdal.

Å3-tomta Årdal metallverk

TOMTA STÅR KLAR: Her på den tidlegare Å3-hallen si tomt i Årdal ventar sogningane på si utbygging med ny teknologi. Tilsvarande tomt står klar i Høyanger.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

«Det har vore litt dempa jubel her. Vi såg føre oss at Karmøy-piloten var eit prosjekt som vi skulle fått her i Årdal knytt opp til teknologisenteret.»

Bjørn Øvstetun, hovudtillitsvald, Hydro Årdal

Ingen stor jubel på golvet i Årdal

Men trass i at teknologien er utvikla i Årdal, må tillitsmannen, med kontor like ved teknologisenteret, erkjenne at det altså er Karmøy som i første omgang får milliardutbygging.

– Det har vore litt dempa jubel her. Vi såg føre oss at Karmøy-piloten var eit prosjekt som vi skulle fått her i Årdal knytt opp til teknologisenteret. Men vi er sjølvsagt positive til at ein no har snudd frå å berre tenke utland, til at Hydro har gått klart ut med at dei vil satse på alle verk. Det har vi forventningar til. Vi har prosjekt klare i Sogn også, seier Bjørn Øvstetun, leiar i Årdal Kjemiske industriarbeiderforening.

Bjørn Øvstetun

VENTAR PÅ TUR: Tillitsvald Bjørn Øvstetun ved Hydro Årdal hadde helst sett at dei fekk Karmøy-utbygginga, men er glad Hydro igjen satsar i Norge.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Både i Høyanger og i Årdal står tomtene klare og ventar på den nye teknologien, etter at gamle elektrolysehallar er rivne grunna nye miljøkrav.

Eg trur det kjem prosjekt. Vi er utolmodige, og vi ser tida er inne og at Hydro meiner å satse i Noreg. Det har vi forventingar til. Karmøy skal vere i produksjon i løpet av 2017, deretter kjem vi til å legge presse på satsing i Sogn, lovar Øvstetun.

Blir Karmøy ein suksess, talar mykje for utbygging også på andre verk, trur forskingsdirektør Johannes Aalbu.

– Viss dette blir vellykka på Karmøy, så vil det vere ein fantastisk sjanse for Hydro å fornye alle bygdene i Norge som har aluminiumsindustri i dag.