Hopp til innhold

Framtida til Fiskeridirektoratet i Måløy er framleis i det blå

Dei tilsette ved regionkontoret til Fiskeridirektoratet i Måløy er svært frustrerte over at dei framleis må leve i uvisse om kva som skal skje med kontoret.

Regionkontoret i Måløy

UVISSE: Fiskeridirektoratet kan enno ikkje seie noko om kva som skal skje med kontoret til Fiskeridirektoratet i Måløy.

Foto: Silje Guddal / NRK

To månader etter at dei fekk beskjeden om at regionkontoret kanskje vert flytta til Bergen er avgjerda framleis i det blå. Det er ingen god situasjonen, seier Wenche Johannessen som lurer på kva som skjer med arbeidsplassen hennar.

Wenche Johannessen

VENTAR I SPENNING: Wenche Johannessen jobbar ved Fiskeridirektoratet sitt regionkontor i Måløy.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Tida har vel i grunnen stått litt på vent. Det er ikkje noko god kjensle å gå rundt og vente slik. Det har tatt langt tid, og det er mange som er svært spente seier, Johannesen

Mange arbeidsplassar

I dag har 26 personar arbeidsplassen sin ved regionkontoret i Vågsøy, men fiskeridirektør Liv Holmefjord ynskjer å flytte kontoret til Bergen.

I februar kom varselet om mogleg flytting men framleis ventar Tone Teigen på eit klart svar på kva som skal skje med kontoret i fiskerikommunen.

– Ventetida er blitt mykje lenger enn det vi vart førespegla. Det vart sagt at det skulle kome ei rask avgjerd. No seier statsråden at ho har god tid når ho no skal vurdere dei innspela som er komne, seier Teigen

Ingen ting er bestemt

I februar åtvara lokallaget i Høgre fiskeriminister Elisabeth Aspaker mot flyttinga. No ligg rapporten og innstillinga på bordet til statsråden. Då NRK var i kontakt med departementet tidlegare denne veka var beskjeden at verken den vidare prosessen eller dato for endeleg avgjerd er bestemt.

Tone Teigen

VAR LOVA RASK AVGJERD: Tone Teigen jobbar ved Fiskeridirektoratet sitt regionkontor i Måløy.

Foto: Silje Guddal / NRK

– På ein måte så meiner eg at dei har starta i feil ende. Dei burde ha først ha klargjort kva arbeidsoppgåver som skulle gjerast kvar, og så kunne ein sjå på plassering av kontor og bemanning ut frå det, seier Teigen.

– Men kan det og vere positivt at ein brukar god tid på denne avgjerda?

– Ja, trur eg. Dersom det kan føre til at ein får ein grundigare prosess, med fleire høyringsinnspel, så tur eg det kan vere positivt.