NRK Meny
Normal

Framtida er digitale møte med helsetenesta

I framtida kan det bli lengre mellom dei fysiske møta mellom pasient og lege. Stadig meir kan no gjerast digitalt.

Helstenester på mobil

DIGITAL HELSEHJELP: Stadig fleire helsetenester vert no tilgjengeleg på mobil.

Foto: Per Kristian Grimeland / NRK

– Heimen blir i framtida den viktigaste behandlingsstaden for fleire pasientgrupper, seier utviklingsdirektør Anne Kristin Kleiven i Helse Førde.

Dette er noko som kan gjere kvardagen lettare for mange kronikarar, som tidlegare har vore nøydde til å reise over lange avstandar for kontrollar.

– No har vi utstyr som kan måle korleis blodsukkeret svingar hjå pasientar med diabetes, og vi kan følge hjarteslaga til hjartepasientane, utan at dei treng å kome til sjukehus, seier Kleiven.

Kols-pasientar er ei anna gruppe der ein i dag kan gjere meir digitale målingar. Tidlegare fekk pasientane ein såkalla Kols-koffert.

– Med den kunne pasientane snakke med legen via ein skjerm. No er dette blitt mykje enklare og vi kan gjere digitale målingar av pusten til pasienten medan dei er heime i si eiga stove, seier Kleiven.

E-konsultasjon

Alt i dag kan pasientane mellom anna lese epikrise og endre timane sine på helsenorge.no. I framtida vil moglegheitene bli utvida til å utveksle informasjon og samtale via nettet.

Anne Kristin Kleiven

FRAMTIDA: Anne Kristin Kleiven er utviklingsdirektør i Helse Førde.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

– Eg trur nok at vi forenkle mykje slik at i treng å reise så ofte på kontrollar. Vi kan bruke video og snakka via skjerm og mobiltelefonen har vi jo med oss over alt, seier Kleiven.

For å sikre at pasientopplysningar ikkje kjem på avvegar skal kommunikasjonen skje via innlogging på nettsida helsenorge.no.

– Når det gjeld å få stilt diagnosane så gjeld det å ha ein god relasjon mellom pasient og lege og ha godt utstyr, dersom det er noko ein skal sjå, seier Kleiven.

Gode erfaringar

I fleire år har det vore utplassert utstyr for telemedisin i kommunane slik at pasientane og fastlegen kunne få ei vurdering av ein spesialist, utan å måtte oppsøke eit sjukehus.

– Det har vore brukt innanfor hudsjukdommar, og er noko vi har hatt gode erfaringar med, seier Kleiven.

I 2017 har det vore jobba med fleire prosjekt for å utvikle tenestene som helseføretaket skal tilby pasientane i fylket i framtida. Blant anna har dei jobba med å få til ei tolketeneste via skjerm.

– Det gjer at vi slepp at tolken må kome hit, det at det og blir lettare å sjå kroppsspråk og det som vert sagt verbalt ein samanheng, seier Kleiven.

Første hybridferje er på plass på Anda-Lote
Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.