Hopp til innhold

Framleis vassmangel etter flaum

Vassforsyninga manglar framleis til eit omsorgssenter, ein stor fellesfjøs og mange innbyggjarar i Innvik i Stryn.

Vassmangel i Innvik etter at flaumen ironisk nok øydela vasstilførselen i bygda.

Foto: Elias Engevik.

Også Stryn fekk merke uveret og flaumen godt tysdag og natt til onsdag. Ordførar Sven Flo kunne fortelje om ekstremt mykje regn og ekstremt høg vasstand på alle elvane i kommunen.

Eit vassverk i Innvik fekk skader i flaumen i går, og det vil gå fleire dagar før det er oppe å gå. Alle som no treng vatn får hjelp av tankbilar som kommunen har sett inn for å frakte vatn.

Det kjem godt med. Egil Vestvik, kjøkkensjef ved omsorgssenteret, treng den hjelpa for å få livet til å gå sin vante gang.

– No hentar eg ei bøtte vatn for å kunne ta oppvasken. Vi har fått vatn på tankbil og i dunkar, slik at vi kan få det inn til toalett og vaskar og anna.

– Så har vi fått vatn frå Utvik til mat og drikke.

Tek det med eit smil

Dei fleste innbyggjarane i Innvik må reise for å hente vatn.

– Som ein av mange er eg her for å hente vatn, på grunn av vassmangel sidan vassverket slutta å fungere, seier Asbjørn Heggedal, som bur i Innvik.

Men det ser ikkje ut som vassmangelen tynger veldig.

– Då eg kom ned på kafeen i dag var det plakat på døra: «Stengt på grunn av vassmangel». Det er no litt komisk det då, ler Heggedal.

Kokepåbod

Brannberedskapen om natta er auka som følgje av vassmangelen.

Stryn kommune opplyser at det er kokepåbod av drikkevatnet fram til Innvik vassverk er oppe og går igjen, og når vassprøver frå vassverket er godkjende. Dette vil ta nokre dagar.

Også Olden vassverk har sendt ut kokepåbod på drikkevatnet i Olden. Dei ventar på svar frå prøvetaking av vatnet.

Vegane til bygdene Oldedalen og Lodalen, som var isolerte i går kveld og i natt, er opne.