Hopp til innhold

Framleis varetekt for pågripne i narkotikasak

To personar sit framleis i varetekt etter at politiet i Florø rulla opp eit større narkotikanettverk i haust.

Politi-illustrasjon

NARKOTIKA: Kva narkotika som er teke og i kva kvantum vil politiet førebels ikkje seie. Over 20 personar har vorte arresterte i saka.

Foto: Lien / SCANPIX

– To av personane sit framleis fengsla, og vi held framleis på med etterforsking i saka, seier lensmann i Florø, Robert Veset.

Over 20 personar i alderen 16–40 år vart arresterte av politiet i Florø i oktober, då eit større narkotikanettverk vart rulla opp. Politiet har til no vore sparsame med opplysingar om kor mykje og kva narkotika det er snakk om. Seksjon for organisert kriminalitet i Oslo politidistrikt var i Florø for å hjelpe politiet med arrestasjonane.

Veset vil ikkje seie om dei framleis får bistand, og er tilbakehalden med informasjon om saka, men han håpar at saka snart er ferdig etterforska.

– Det er også arrestert fleire personar i saka. Vi jobbar fortløpande med saka, seier lensmannen.