Framleis utan straum i Ytre Sogn

73 personar er framleis utan straum i Ytre Solund etter at fleire straumliner datt ned sundag. På det meste var meir enn 300 menneske heilt utan straum. Når det lysnar av dag set Sunnfjord Energi inn ekstra manskap for å rette feilen. Klokka 17 håpar BKK å ha retta feilen som råkar 11 abonnentar i Gulen.

Knekte straumstolpar i Solund
Foto: Gunnfrid Eide