Hopp til innhold

Framleis uklart kvifor mikroflyet havarerte

Det er framleis uklart kvifor eit mikrofly havarerte like etter avgang frå Førde lufthamn Bringeland i går kveld. Flyplassen var stengd ein periode som følgje av uhellet.

Flyulukke Bringeland mikrofly

UKJENT ÅRSAK: To personar kom uskadde frå det, då eit mikrofly havarerte på Førde lufthamn Bringeland.

Foto: Eirik Hildal / NRK

– Det vi veit er at det var ei hending like etter avgang, men kva som var årsaka det er for tidleg å seie noko om enno, seier Ole Anton Brekke, som er leiar i Stryn Luftsportsklubb.

Klokka 17.58 torsdag kveld fekk mikroflyet, som høyrer til luftsportsklubben i Stryn, problem og havarerte like etter avgang på Førde lufthamn Bringeland.

Viktig å finne årsak

Dei to personane som var i flyet kom uskadde frå hendinga, men flyet fekk store skadar og lufthamna var ein periode stengd. Blant anna vart Osloflyet, som skulla ha landa klokka 18:30, omdirigert.

Ole Anton Brekke, leiar i Stryn Luftsportsklubb

VIKTIG Å FINNE ÅRSAK: Ole Anton Brekke er leiar i Stryn Luftsportsklubb

Foto: Privat

– Det blir no viktig å finne årsaka, slik at andre kan lære av eventuelle feil, seier Brekke.

No skal fartøysjefen skrive ein eigen rapport om hendinga, som blir send vidare til klubben i Stryn, og til Luftsportsforbundet

– Det viktig her er at det gjekk bra med dei to om bord, men flyet fekk ein stor skade og flyplassen var jo stengd ein periode og det er ikkje bra. No får vi vente med konklusjonar til dei to involverte har fått skrive sin rapport, seier Brekke.