Askvoll, Bremanger, Høyanger og Solund fekk tildelt kvar sin konsesjon tidlegare i år. No viser det seg at det vert hardast kamp om Bremanger-konsesjonen med seks av søkjarane. Berre ein har søkt på konsesjonen i Høyanger, tre ønskjer Solund-konsesjonen og fem kjempar om den nye oppdrettskonsesjonen i Askvoll.
– Om lag som venta
15 søkjarar var omlag som venta, seier Henning Andre Urke, som er seksjonsleiar i fiskeridirektoratet Sogn og Fjordane. Trass i dårlege lakseprisar og ein prislapp på fem millionar kroner per konsesjon har relativt mange framleis tru på oppdrettsnæringa – til og med hermetikkfabrikken Firda Canning i Vågsøy, som er det mest uventa namnet i søkjarbunken.
Kven som til slutt endar opp med konsesjonane vert avgjort i Fiskeridirektoratet i løpet av ein månad.